Miljøtilsyn i 2020
I 2020 gjennomførte miljøavdelinga 51 tilsyn etter forureiningslova.
Tilsyn er eit høgt prioritert arbeidsområde hjå miljøavdelinga. Vi arbeider systematisk etter ein kontrollplan som vi set opp i starten av året, og supplerer med fleire tilsynsobjekt ved kapasitet. I 2020 gjennomførte vi 51 tilsyn.
Tilsyn kan bli gjennomført etter klage eller tips
Vi utførte 27 frekvensbaserte tilsyn med verksemder som har løyve frå Statsforvaltaren eller er forskriftsregulerte. I tillegg hadde vi 10 tilsyn som følgje av ei spesiell hending, eller på grunnlag av klage eller tips om forureining.
Nasjonalt koordinert tilsynsaksjon mot brannar i avfallsanlegg
I fjor deltok vi i ein nasjonalt koordinert tilsynsaksjon i regi av Miljødirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Vi gjennomførte 14 tilsyn i Vestland saman med lokalt brann- og redningsvesen der hovudfokus var brannar i avfallsanlegg. Resultata frå aksjonen kan du lese meir om her.
Tilsynsrapportar
Alle tilsynsrapportar for verksemder med løyve etter forureiningslova vert gjort offentleg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.