Kunngjering - løyve til anleggsarbeider i sjø - etablering av bystrand og ny Lungegårdspark

Kart av ferdig anlegg. Areal med arbeid i sjø med gul skravur. Areal med arbeid i flo/fjæresone med raud skravur
Kart av ferdig anlegg. Areal med arbeid i sjø med gul skravur. Areal med arbeid i flo/fjæresone med raud skravur

Bergen kommune fekk 15. september 2022 løyve etter forureiningslova til mellombels anleggsarbeid i Store Lungegårdsvann. Kommunen skal etablere ny Lungegårdspark og bystrand. Arbeida startar våren 2023 og vil halde på til 2026.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.09.2022

Bergen kommune skal "overta" utfylt areal frå Bybanen Utbygging og reetablere ein ny og større park med tilhørende badefasilitetar.  Dette medfører nokre arbeidsoperasjonar i sjø og i flo/fjæresone i den etablerte utfyllinga, illustrert i figuren over. Anslått areal i sjø og flo-/fjæresone som må bearbeidast er ca. 25 000 m2.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummer 2021/7829.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner