Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Osterøy kommune
Sjøtroll Havbruk AS har 10. mai 2022 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Tepstad.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Løyvet gjeld for endra plassering av anlegget ved lokaliteten. Maksimal tillaten biomasse (MTB) er uendra, og er på 5 460 tonn. Det er sett vilkår om at det ikkje skal nyttast koparhaldig notimpregnering ved lokaliteten.
Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.