Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Askvoll kommune

Atløy Båt & Marina AS har 19. februar 2025 fått løyve etter forureiningslova til etablering av landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Natura. 

Publisert 20.02.2025

Verksemda har fått løyve til utslepp frå ein årleg produksjon på inntil 4000 tonn årleg biomasse av postsmolt av laksefisk. Anlegget skal ligge ved Natura, eit industriområde ved Vilnes på Atløy i Askvoll kommune. Det er sett særskilte vilkår knytt til reinsing av anlegget sine utslepp til sjø, overvaking av miljøverknader av utsleppa, og krav om kartlegging av marint naturmangfald i området som utsleppa kan påverke.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokument finn du til høgre på sida. Løyvet vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage 

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.