Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Masfjorden kommune

MOWI ASA har 24. november 2024 fått løyve etter forureiningslova for utviding av produksjonen i sitt landbaserte akvakulturanlegg på lokaliteten Kvinge S. 

Publisert 28.11.2024

Verksemda har fått løyve til utslepp frå ein årleg produksjon på inntil 930 tonn biomasse av settefisk av laksefisk. Løyvet er gitt med vilkår om m.a. reinsing av utsleppa, endra plassering av utsleppspunktet og støykartlegging.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, med ei ny vurdering av merknader frå den offentlege høyringa av søknaden som gjeld forureining og støy. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage 

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.