Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Skårastranda næringsområde i Kinn kommune
Skårastranda AS fekk 26. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å utvide Skårastranda næringsområde i Ulvesundet.
Publisert 26.06.2024
Til planlagd utfylling for å etablere nytt areal skal det nyttast overskotsmassar frå Stad skipstunnel.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/2809.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35