Delta i dugnaden for å hindre spreiing av hamnespy

slimete guffe under vatn
Hamnespy er ein invaderande art som kan kvele det meste av opphavleg naturmangfald på sjøbotn der den breier seg ut. I tillegg til produksjon av larver formeirer hamnespy seg også aseksuelt ved at mindre bitar drypp av ein større koloni. Dette kan skje heile året. Foto: Erling Svensen.

Den framande arten hamnespy/ havnespy/ japansk sjøpung (Didemnum vexillum) har etablert seg fleire stadar i Rogaland og Vestland fylke. Kva kan du og eg gjere for å stoppe spreiinga? 

Publisert 03.07.2024

Vi ber båteigarar om å vere særleg merksame 

Hamnespy legg seg som store teppe på havbotnen, og fortrenger alle andre arter. Dette er ein framand art som spreiar seg raskt og forårsakar store problem for marine miljø og næringar. Arten veks på skrog, fortøyingar, brygger, teinar og anna som finst i sjøen. Me ber båteigar om å inspisere båt og utstyr, og sørge for at hamnespy ikkje blir spreidd i samband med ferdsel eller reingjering.

Du kan tørke den ut eller leggje utstyr i ferskvatn

Hamnespy døyr ved uttørking i løpet av éi veke (du kan setje båt og utstyr på land), eller ved å leggje utstyr i ferskvatn i minst seks timar. Meir informasjon om kva du kan gjere for å avgrense spreiing av hamnespy finn du her: Miljødirektoratets nettside

Alle med aktivitet i infiserte område har plikt til å avgrense risiko

Viss du er ansvarleg for aktivitetar i område med hamnespy, har du plikt til å avgrense risikoen for spreiing og skadeverknadar for miljøet. Ein må ta naudsynte omsyn kring all aktivitet i sjøen som kan bidra til spreiing av arten. Det vil sei at både hamneeigar/hamneansvarleg og brukarar av hamna må ta høgde for ekstra tiltak og kostnader framover i område der hamnespy er etablert.

Tiltak skal skje i samsvar med tilråding gitt av Sjøfartsdirektoratet og eventuelle nye tilrådingar. Statsforvaltaren har heimel til ulike sanksjoner dersom aktsemdsplikta ikkje blir følgt. Sjå lenkje til brevet frå Sjøfartsdirektoratet til høgre. 

Meld i frå om du finn hamnespy! 

Mistanke om funn av hamnespy skal meldast inn og verifiserast av folk med marinbiologisk kompetanse. Dersom hamnespy blir stadfesta i ei hamn skal observasjonen rapporterast til Artsdatabanken og tiltak for reingjering og avfallshandtering setjast i verk for å unngå videre spreiing.  Sjå lenkje til Artsdatabanken i lenkje til høgre. 

Bli med på dugnaden i sommar for å hindre vidare spreiing! 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.