Informasjonsmøte om almesjuke: Ny spreiing - og kva du bør vite

fjordspegl med fjellside med tre der nokre tre er daude
Almesjuka er eit trugsmål mot alm, og vart påvist første gong i Sogn i 2023. Biletet er frå Arnafjorden, der ein kan sjå daude tre i lia mot fjorden. Foto: Halvor Røssum.

Almesjuka er ein av dei verste sjukdommane som har ramma tre i Noreg. No spreier den seg på Vestlandet. Vi inviterer til eit digitalt informasjonsmøte den 27. mai om almesjuka og spreiing av sjukdommen, der seniorforskar Isabella Børja frå NIBIO orienterer og svarar på spørsmål. 

Publisert 13.05.2025, Sist endra 13.05.2025

Vi inviterer til eit nytt informasjonsmøte om almesjuke, etter god interesse i fjor vår for temaet. 

I dette webinaret vil Isabella Børja frå NIBIO orientere om den aukande spreiinga av almesjuke i Noreg, og korleis almesjuka har spreidd seg i Sogn etter at den fyrst vart oppdaga i 2023.

Vi vil lære meir om korleis almesjuka spreier seg, og kva konsekvensar den har for almetrea. Vi skal også sjå nærare på typiske symptom, slik at du kan kjenne att teikn på infeksjon tidleg, og diskutere kva tiltak som kan hjelpe i kampen mot sjukdommen. Mot slutten av webinaret opnar vi opp for spørsmål.  

Alm er sterkt truga på den norske raudlista

I 2023 vart almesjuke påvist på eit tre i Sogn, og i 2024 har NIBIO gjennomført ei mindre kartlegging som viser at almesjuke har starta å breie seg noko ut langs Sognefjorden.

Almesjuke er tidlegare påvist i Oslo og langs Oslofjorden, og vart oppdaga første gong i Noreg 1963. Sjukdommen kan føra til at tre av alm kan forsvinne frå område der den er påvist. Almesjuka er primærårsaka til at alm er raudlista som sterkt truga (EN) i Noreg, i Sverige er alma kategorisert som kritisk truga (CR). Dette er ein alvorleg sjukdom som truleg vil spreie seg ytterlegare med varmare klima. Tiltak kan likevel bli sett i verk for å avgrense skade.

to almer ved sidan av kvarandre der den eine har bladverk og den andre har gule/brune blader
Ein frisk alm til venstre og ein sjuk alm til høgre. NIBIO ønskjer observasjonar av alm som syner teikn på almesjuke. Dei første teikna er gule blad som etter kvart blir brune og krøllete, særleg i trekrona. Ein vil sjå ei misfarging i ledningsvevet på infiserte tre om ein sagar av ein kvist. Symptoma utvikler seg ganske raskt fordi soppen førar til at vatntransporten i treet blir hindra, noko som fører til at treet til slutt dør. Foto: Maria Knagenhjelm/Isabella Børja.

Sjå etter symptom som gule og brune bladar eller døde tre

Sjukdommen skuldast ein sopp og spreier seg hovudsakleg ved hjelp av ein bille som heiter almesplintborarar. Billa gnagar seg gjennom barken og overfører soppen til friske tre. Symptoma viser seg ofte som gule og brune blad som visnar, og til slutt døyr treet. Vi kan forvente ein nedgang i almebestanden dei kommande åra, og i enkelte land er alma nær utrydda (les meir om alm i høgrefana). 

Velkomen til informasjonsmøte den 27. mai

Isabella Børja frå NIBIO vil informere om almesjuka, og vil ta for seg bakgrunn, spreiingshistorikk, vertskap for sjukdommen, påverknad på alm og tiltak for å hindra vidare spreiing. Ho vil også gjerne ha tips om det blir observert nye stader med almesjuke. 

Hald av datoen den 27. mai 2025 frå kl. 10:00 til kl. 11:00. Det er sett av god tid til spørsmål.

Trykk på denne lenkja for å kome direkte inn i webinaret. 

Webinaret vil bli tatt opp og publisert i etterkant. Opptaket vil liggje ute i 14 dagar. 

Velkomen! 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.