Kartlegging av naturtypar i Vestland 2024
Sommaren 2024 blir det gjennomført naturkartlegging i delar av kommunane Eidfjord, Kvinnherad, Voss og Stryn. Kartlegginga er ein del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur og ta betre vare på arts- og naturmangfaldet.
Kvifor kartlegg vi naturtypar?
Målet med kartlegginga er å få på plass kartfesta informasjon om kvar det finst naturtypar som er viktige for artsmangfaldet, til bruk i mellom anna arealforvalting. Stadfesta informasjon om natur som er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess, vil gjere det lettare å ta omsyn. I tillegg kan det bidra at planprosessar blir meir effektive og føreseielege. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søke om tilskot til skjøtsel av truga naturtypar i kulturlandskapet.
Kva skal kartleggast?
Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 111 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Mange av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.
På oppdrag frå Miljødirektoratet, har Statsforvaltaren foreslått område for kartlegging av naturtypar. Forslaga følgjer i grove trekk innspel Statsforvaltaren har fått inn frå kommunane. Det er lagt vekt på område med utbyggingspress og område der ein trur det kan finnast truga eller særleg viktige naturtypar. I tillegg må områda vere minst 10 kvadratkilometer store. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Statsforvaltaren som grunnlag for si prioritering av område for kartlegging. Kartlegginga blir utført av fagbiologar.
Kartlegging i Vestland i 2024
Det skal kartleggast i fire kommunar i Vestland i 2024 (sjå lenke til kart i høgremenyen). Resultata frå kartlegginga vil bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2025.
Kommune |
Område som skal kartleggast |
Eidfjord |
Sysendalen og Isdalen |
Kvinnherad |
Nordre del av Halsnøy |
Stryn |
Lodalen og Oldedalen og fjordliene utanfor |
Voss |
Eit område aust for søre del av Granvinsvatnet, austover forbi Vatnasete, til kommunegrensa mot Ulvik |
Ferdsel på innmark
All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.
Der det skal undersøkast område på innmark, til dømes gammal, ugjødsla beitemark eller slåttemark, kan det vere behov for ferdsel på innmark. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på di innmark, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren før kartlegginga startar (ca. 1. juni).
Kartlegging i verneområde
Også delar av nokre verneområde blir kartlagt i 2024:
- Kolebakkane naturreservat, Gloppen kommune
- Buggastrondi naturreservat, Luster kommune
- Luster Almenning naturreservat, Luster kommune
- Røykjedalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Luster kommune
- Bergsetdalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Luster kommune
- Mørkrisdalen landskapsvernområde, Luster kommune
- Hurrungane i Jotunheimen nasjonalpark, Luster kommune
- Berdalen naturreservat, Lærdal kommune
- Eiterstrondi naturreservat, Vik kommune
Kontaktpersoner
-
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42