Krykkjer på flyttefot
Ein av dei mest utryddingstruga fugleartane i Noreg hadde funne ut at Måløy er ein grei stad å bu. Det viste seg etter kvart å bli eit problem for mange partar, og tiltak blei sett i verk for å tilby krykkjene alternativ bustad.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Krykkje. Foto Tore Larsen
Krykkja er ein liten måsefugl som ein gong var mellom dei mest talrike fugleartane i Noreg. Ein av dei største koloniane i landet fanst i fuglefjellet på Runde, med mellom femti og hundre tusen hekkande par. Litt lenger sør hekka 2000 par på Einevarden i Vågsøy. No har krykkja hamna på raudlista over sjeldne og trua artar, der den er klassifisert som sterkt trua. På Einevarden hekka den siste krykkja i 2007, og dei siste åra har det vore stilt også i krykkjeberga på Runde.
Krykkja er den einaste måsen som hekkar i loddrette berg, der dei er trygge for rovdyr på bakken. Mot flygande fiendar ligg det beste vernet i at krykkjene hekkar tett saman i store tal. Anten ørn eller ramn er ute etter vaksne, egg eller ungar, er sjansen for at den skal ta akkurat deg eller ditt avkom forsvinnande liten i ein koloni med fleire tusen fuglar.
Men etter at økosystemet i Nordsjøen kollapsa rundt hundreårsskiftet blei det stadig færre krykkjer, og til slutt blei koloniane så små at det ikkje lenger var noko poeng å hekke der. Dei få krykkjene som framleis ville prøve å hekke, leita heller langs kysten etter område utan rovfuglar. Slik har krykkjer og menneske blitt naboar. Ørn, falk og ramn held seg helst unna menneske, og i vinduskarmar og på diverse framspring på husveggar finn krykkjene trygge plassar for reira sine. I Måløy fann dei også ut at Måløybrua minte litt om dei gamle fuglefjella, og reira blei plasserte på røyr og alt anna oppunder brua som gav eit ørlite feste.
Måseskit og andre problem
Men måseskit går ikkje alltid så godt i lag med næringsmiddelindustri, husveggar og parkerte bilar. I 2017 tok Coast Seafood i Måløy kontakt med Fylkesmannen og Statens Vegvesen for å høyre om det var mogleg å få til eit betre samliv mellom folk og krykkjer. Kva med å legge betre til rette for hekking lenger aust på Måløybrua, og slik få flytta krykkjene vekk frå næringsbygg, hus og bilar? Vågsøy kommune blei også involvert, og etter kvart blei det laga planar for eit «krykkjetårn» rundt ein av brupillarane ute mot Måløyna. Men vegvesenet var akkurat da i gang med å planlegge omfattande vedlikehald av Måløybrua, slik at hekkeplassane berre kunne bli mellombelse. Krykkjetårnet kunne berre stå ein sesong før det måtte ned, og så byggast opp igjen etter at bruvedlikehaldet var ferdig. Det ville bli kostbart, og ville krykkjene i det heile ta konstruksjonen i bruk?
Synfaring ved Måløybrua. Frå venstre Tore Larsen (Fylkesmannen), Jorunn Hillestad Sekse (Statens vegvesen), Jill Aasen Hole (Coast Seafood) og Per Otto Hjertenes (Coast Seafood/Lutra AS). Foto Magnar Bjerga, Statens vegvesen
Krykkjene hekka på alle framspring på Måløybrua, her på eit dreneringsrøyr. Foto Tore Larsen
Ny hekkeplass tatt i bruk
Vinteren 2018 løyste krykkjene problemet for oss. Ei gruppe krykkjer slo seg ned i ei høg fjellskjering like ved kommunen sitt gruslager ute på Måløyna, og dette lokka mange av «bykrykkjene» bort frå husveggar og vinduskarmar i sentrum. Fagleiar Odd Henning Svoren i Vågsøy kommune sørgde for at plassen framfor berget fekk vere mest mogleg i fred, trass i til tider hektisk aktivitet knytt til bruarbeidet, og utpå ettervinteren samla det seg eit par hundre krykkjer i bergveggen. Etter kvart gjekk 99 krykkjepar til hekking der, og dette åleine gjorde Måløy til det viktigaste hekkeområdet for krykkje i Noreg sør for Stad. Men det var framleis krykkjer nærare sentrum; 21 par hekka lengst vest på Måløybrua, 27 par på det såkalla Skaar-huset like ved, og 14 par på fiskebedriftene i nærleiken. Desse måtte tydelegvis overtalast til å flytte, både for å få dei unna næringsmiddelindustrien i området og med tanke på vedlikehaldet av Måløybrua. Men eit nytt problem måtte handterast: Så godt som alle dei tilgjengelege, eigna reirhyllene i fjellskjeringa var tatt i bruk, og det var rett og slett ikkje plass til dei drygt 60 krykkjepara som hekka andre stader i Måløy.
Eit utsnitt av krykkjeberget på Måløyna 26. juni i fjor. Nede til venstre viser litt av taket på Vågsøy kommune sitt gruslager. Foto Tore Larsen
Bustadnød blir avhjelpt
Kunstige reirhyller blei vald som løysing. I løpet av februar i år, før krykkjene var tilbake frå vinterområda ved Newfoundland, levde den lokale entreprenøren Stormbygg opp til namnet sitt og monterte metervis med kunstige reirhyller på dei delane av berget som var for glatte til at krykkjene kunne finne feste for reir. Hol blei bora, boltar sette inn, og mellom boltane blei det strekt netting som underlag for nye reir. Miljødirektoratet finansierte arbeidet.
Kunstig reirhylle montert i bergveggen i februar 2019. Foto Per Otto Hjertenes
På same tid som det blei lagt til rette for krykkjene i fjellskjeringa i aust, blei det gjort tiltak for å få slutt på hekkinga på bru og hus lenger vest. Krykkjene bruker gamle reir som grunnlag for nye, så alle gamle reir blei fjerna og underlaget spylt reint for skit og restar. Ofte er det nok med berre eit svakt merke etter gammalt reir for å utløyse reirbygging, så både Vågsøy kommune og vegvesenet var på plass med høgtrykksspylar fleire gonger for å hindre ny etablering. Samtidig hadde alle det klart for seg at dersom reirbygging først kom i gang, var løpet køyrt. Da måtte krykkjene få halde fram og gjere seg ferdige, slik § 15 i naturmangfaldlova legg opp til. For å unngå hekking på dei mest uønskte plassane, blei derfor moglege festepunkt for reir skjerma av.
Skepsis blant dei eldre
Da krykkjene kom, viste det seg at særleg brukrykkjene var særs knytte til dei gamle hekkeplassane sine, og ville ikkje utan vidare gje dei opp og flytte over til det nye fuglefjellet. Også nokre av huskrykkjene motsette seg endringar. Ved eitt tilfelle måtte det lift til for å plukke fram ei uheldig krykkje som hadde pressa seg inn bak avsperringane i ein vinduskarm og ikkje kom ut igjen på eiga hand. Desse krykkjene brukte såpass mye tid ved dei gamle, men ikkje lenger tilgjengelege hekkeplassane at det til slutt blei for seint på sesongen til å setje i gang hekking. Berre tre reir blei bygd på dei nye nettinghyllene i krykkjeberget.
Det blei med andre ord ikkje full klaff ved første forsøk, men det kan nok forklarast med at dei kunstige reirhyllene ligg i utkanten av kolonien i krykkjeberget. Dei erfarne fuglane som i fleire år har hekka på bru og bygningar ville nok ikkje utan vidare slå seg til på slike typiske «nybegynnarplassar». Dei eldste krykkjene pleier å kjempe seg til dei beste plassane i sentrum, og så får dei unge slå seg ned i periferien. Dette vil forhåpentleg gå seg til neste år.
Dersom krykkjene får vere i fred i fugleberget i Måløy, vil dei nok halde fram med å hekke der slik at ein unngår vidare problem for næringsmiddelindustri og andre – og i tillegg kan Måløy skryte av å ha det største krykkjeberget i Noreg sør for Stad. Aller best hadde det rett nok vore om tilhøva for sjøfuglane blei så gode at krykkjene kunne flytte ut igjen i dei gamle fuglefjella ytst på kysten, men det kan nok ta mange år før vi kjem så langt…
Tre av dei kunstige reirhyllene, Den nedste og minste er tatt i bruk, og eit par vurderer å sette i gang på den midterste. Foto Tore Larsen
Kontaktpersoner
-
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42