Oppstart av arbeid med frivillig skogvern i to område i Sogn og Fjordane
Etter ønskje frå grunneigarane melder Fylkesmannen formell start av arbeid med frivillig skogvern av to område: Bjordal i Fjaler kommune og Berdalen i Lærdal kommune. Frist for å kome med innspel er 5. desember 2019.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vernearbeidet omfattar etablering av Bjordal naturreservat i Fjaler kommune og Berdalen naturreservat i Lærdal kommune. Til saman utgjer dei to områda om lag 3350 dekar.
Det er eit nasjonalt mål å redusere tapet av naturmangfald, og som eit leidd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med om lag 2,6 prosent av skogen verna i Sogn og Fjordane, er vi enno langt unna det målet.
Det er registrert store naturverdiar i dei to områda. For nærare informasjon om dette sjå Fylkesmannen sine brev for kvart område, der det er ei skildring av naturverdiane som ligg til grunn for arbeidet med skogvern i området. For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Framlegga til vernegrenser er baserte på ønskje frå grunneigarar som har tilbode areal, og dokumenterte naturkvalitetar i området.
Det er ønskjeleg med innspel til arbeidet med frivillig skogvern, slik at prosessar og tema kan verte så opplyst som mogleg. Når eventuelle innspel til denne oppstartmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert framlegg til vern på høyring. Det vil verte ein frist for innspel til høyringa på om lag to månader.
Innspel til oppstartmeldinga kan sendast med brev til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller med e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no.
Frist for å kome med innspel er sett til 5. desember 2019.