I dag startar lisensjakta på ulv
Lisensjakta varer frå 1. desember 2021 til og med 31. mai 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 01.12.2021
Rovviltnemnda i region 1 har vedteke at det kan fellast tre ulvar i regionen (Vestland, Rogaland og Agder (den delen som tidlegare var Vest-Agder)) i perioden 1. desember 2021 til og med 31. mai 2022.
Vedtaket til rovviltnemnda finn du til høgre i nettsaka.
Krav om personleg lisens
For å delta i lisensfelling er det krav om personleg lisens frå Jegerregisteret. For å få lisens må ein vere fylt 18 år, ha betalt jegeravgifta for 2021 og ha overhalde rapporteringsplikta, jamfør forskrift om forvaltning av rovvilt § 16.
Andre krav til lisensjakta:
- Det krevst løyve av grunneigar
- Oppdatert informasjon om kvote blir lagt ut på tlf. 51568900 (telefonsvarar). Alle jegerar pliktar å halde seg orienterte om kvoten som er att.
- Felt dyr skal straks meldast til Statsforvaltaren på tlf. 48143095 og Statens naturoppsyn tlf. 48094364. Felt dyr skal visast fram for Statens naturoppsyn for kontroll. Den som skyter på ulv utan at han blir felt pliktar å melde frå straks til Statsforvaltaren, Statens naturoppsyn og politi. Statsforvaltaren avgjer korleis det vidare ettersøket skal gjennomførast.
- Rifle er tillate ved lisensfelling av ulv. Sjå elles viltlova sine føresegner for mellom anna utøving av jakt, felling og fangst (forskrift av 22. mars 2002, sist endra 16.05.2012).
- Irregulær avgang eller skadefelling gjennomført etter nemnda sitt vedtak blir belasta kvoten.