Godkjent forvaltningsplan for Hestad landskapsvernområde
Forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde har vore under arbeid i lengre tid, og det har komme mange innspel i prosessen. No er planen endeleg godkjent. Du kan lese planen her.
Forvaltningsplanen er eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanen er utarbeidd innanfor rammene i gjeldande verneforskrift. Planen skal også fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Forvaltningsplanen er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området.
Det første landskapsvernområdet i Norge
Hestad landskapsvernområde vart oppretta 22.10.1971 som det første landskapsvernområdet i Norge. Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet.
Føremålet med Hestad landskapsvernområde er «å verna det særmerkte i eit vakkert naturlandskap som ramme om eit kulturminne».
Vernegrensene er justert i løpet av den seinare tid
Statsforvaltaren har i løpet av arbeidet med forvaltningsplanen også gjennomført korrigering av eigedomsmatrikkelen i området, og gjennomført høyring for å justere vernegrensa for Hestad landskapsvernområde. Miljødirektoratet vedtok ny oppdatert forskrift med justert vernegrense for Hestad landskapsvernområde den 13.09.2024. Den nye justerte vernegrensa inneber at Hestadgrend bedehus ligg utanfor landskapsvernområdet, og at grensa følgjer ein meter djupne mot Viksdalsvatnet og Hestadfjorden. Verneforskrifta vart samstundes oppdatert m.o.t. formalitetar knytte til korrekt eigedomsmatrikkel, og til endringar i kommune- og fylkesinndeling frå 1. januar 2020, men er elles ikkje endra.
Innkomne fråsegner
Framlegget til forvaltningsplan vart lagt ut på offentleg høyring 04.03 2024, med høyringsfrist 01.05.2024, seinare forlenga til 15.05.2024, dvs. etter det opne informasjonsmøtet som Statsforvaltaren arrangerte 07.05.2024.
Det kom inn fem fråsegner til framlegget, frå Vestland fylkeskommune, Sunnfjord kommune (to fråsegner), Norges vassdrags- og energidirektorat – NVE, og BKK AS (sjå vedlegg til høgre).
Kontaktpersoner
-
Johannes Anonby
Tlf: 57 64 31 25 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47