Frivillig skogvern vedteke i Sogn og Fjordane
Regjeringa gjorde i statsråd 21. juni 2019 vedtak ved kgl.res. om å opprette/utvide i alt 29 skogvernområde i landet i medhald av naturmangfaldlova gjennom ordninga om frivillig vern.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 27.06.2019
I Sogn og Fjordane gjeld det
- Kvist naturreservat i Balestrand kommune (oppretting)
- Flostranda naturreservat i Stryn kommune (grenseendring og ny verneforskrift)
Det er store naturverdiar, m.a. edellauvskog i dei to naturreservata. Grenseendringa for Flostranda naturreservat har samanheng med bygging av ny vegtunnel på Fv 722 til Flo. Naturreservatet er utvida i aust ned mot Oppstrynsvatnet, og noko areal er teke ut i vest.
Skogvern er eit svært viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg. Vernevedtaket er eit nytt skritt i Stortinget sitt mål om vern av 10 prosent av skogarealet.