Innleiande dialog om Hornelen som mogeleg nasjonalpark

Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut eit mogeleg vern av Hornelen.
I startfasen
Fordi vi no er heilt i startfasen av oppdraget, føreligg det førebels lite informasjon å dele. Vi prioriterer i første omgang å ha dialog med kommunane og grunneigarorganisasjonar, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar.
Informasjon
Til no har vi hatt møte med Bremanger kommune 31. mars 2022, og ein første presentasjon i kommunestyret 16. juni 2022. Etter det låg prosjektet på vent mens vi såg an korleis den allereie vedtatte via ferrataen på Hornelen ville bli utforma. Da det var nokolunde avklart, blei informasjonsmøte om ein eventuell verneprosess for Hornelen halde for grunneigarar og andre brukarar 13. april 2023, og deretter 31. mai og 27. september same år.
Bremanger kommunestyre gav 21. mars 2024 sin aksept til at eit mogleg vern av Hornelen som nasjonalpark kan greiast ut.
Eit framlegg om vern i sjøen kom på informasjonsmøtet i april 2023 blei lagt fram for Miljødirektoratet, som gav grønt lys «dersom det er ønske om det lokalt». Føremålet vil vere å verne høgdegradienten frå fjelltopp til fjordbotn. Bremanger kommunestyre gav sitt samtykke til å vurdere vern også i sjø 12. september 2024.
Det blei etter dette halde eit informasjonsmøte i Berle 16. oktober 2024 for grunneigarar og andre brukarar om vern av skog i samband med vernearbeidet ved Hornelen. Inkludering av skog i eit eventuelt verneområde må skje gjennom prosessen for frivillig skogvern. Det blei også orientert om kartlegging av artar og naturtypar i området.
Det har vore nyttig for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.
Referat og presentasjonar ligg til høgre, der du også kan sjå kor langt prosessen har kome og finne dokument som er relevante for dei ulike fasane i saksgangen.
Kontaktpersoner
-
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42
Lenker
Dokumenter
- Presentasjon om Hornelen til møte med Bremanger kommune 31.03.2022
- Referat frå infomøte om Hornelen, Berle 31.03.2022
- Presentasjon til kommunestyret i Bremanger 16.06.2022
- Hornelen, presentasjon til informasjonsmøte Berle 13.04.2023
- Referat frå infomøte i Berle 13.04.2023
- Invitasjon til møte om Hornelen, Berle 31.5.2023.pdf
- Invitasjon til oppsummerande møte om mogleg nasjonalpark ved Hornelen, Berle 27.9.2023.pdf
- Hornelen gjennomgang 270923.pdf
- Orientering om frivillig skogvern i samband med utgreiinga av ein mogleg Hornelen nasjonalpark, 140724.pdf
- Invitasjon til møte om vern av skogareal i samband med Hornelen nasjonalpark, Berle 16.10.2024.pdf
- Hornelen skogmøte 161024.pdf