Ytre Hardangerfjorden marine verneområde
Ytre Hardangerfjorden marine verneområde dekkar unik undersjøisk natur i kommunane Tysnes, Stord og Kvinnherad kommunar, og vart verna i statsråd den 13. februar 2026.
Føremålet med Ytre Hardangerfjorden marine verneområde er å ta vare på eit spesielt og djupt kystområde med særeigne naturforhald der ein stor undersjøisk morenerygg og sterk straum gir gode tilhøve for eit rikt og mangfaldig dyreliv. Mellom anna finst det førekomstar av korallar og svampar, store førekomstar av fjørstjerna lofotsjølilje Rhizocrinus lofotensis, og den sjeldne hornkorallen Isidella lofotensis. Også mykje av brislingbestanden lever i Hardangerfjorden i delar av året, det er registrert eit regionalt viktig gytefelt for torsk og viktige oppvekst- og beiteområde for kysttorsk.
Ein fjord med særprega geologi og rikt liv
Arktiske korallar og sjeldne djupvassartar
Bukkarevet - eit korallrev gjennom tusenår
Viktig leveområde for brisling, torsk og sjøkreps
Verneverdiar og verneføremål
Formålet med marint vern er å ta vare på representative, særeigne, sårbare og trua naturverdiar i norske hav- og kystområde. Dei 36 kandidatområda i Noreg skal til saman spegle breidda av norsk marin natur. Marint vern omfattar både botn, botnlevande organismar og organismar i vassmassane.
I Ytre Hardangerfjorden marine verneområde er kontrasten mellom den artsrike moreneryggen og dei djupe blautbotnsona i Husnesfjorden ein sentral verneverdi. Moreneryggen er ei spesiell geologisk førekomst av nasjonal betydning, og fleire sjeldne artar og naturtypar er knytte til området.
Hardangerfjorden har dessutan stor forskingsinteresse. Mykje er undersøkt, men forskarane gjer stadig nye funn. Det blir ofte sagt at vi veit meir om månen enn om sjøbotnen i fjordane våre.
Friluftsliv og kulturminne
Rundt kandidatområdet er det spreidd busetnad og jordbruk, og fjorden er mykje brukt til friluftsliv og fritidsbåttrafikk. Cruisebåtar fører årleg mange turistar innover fjorden for å sjå fjell, fjord og bre.
Frå Leirvik-området er det funne nausttufter frå 500-talet. I hamneområdet er det registrert både handelsstad og ballastrøys, og ved Storsøy er det funne kvernsteinar på havbotn. Namnet Jektevika kan òg peike mot marine kulturminne. Sjå fleire registreringar av kulturminne ved å følgje denne lenkja.
Fiske på fritid og i næring
Ytre Hardangerfjorden har tradisjonelt vore eit rikt fiskeområde. Fritidsfiske og fisketurisme kan halde fram som vanleg, og fiske med passive reiskapar vil vanlegvis vere tillate.
Fiske etter pelagiske artar i frie vassmassar etter havressurslova påverkar ikkje verneverdiane og er lov etter verneforskrifta. Fiskeri med reiskap som rører botn kan medføre skade og øydelegging av dyrelivet i sjø (sjå forskrifta § 3 bokstav b) og er difor ikkje lov. Forvaltningsstyresmakta kan likevel gi løyve til reketråling i avgrensa omfang innanfor dei to kartfesta referanseområda på vernekartet.
Det er heller ikkje lov med tråling etter tare i verneområdet fordi vegetasjonen, medrekna tang, tare og andre marine planter, er verna mot skade og øydelegging. Historisk har det ikkje vore taretråling her.
Næringsaktivitetar
Det er ikkje restriksjonar i vernet på drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar. Dette gjeld mellom anna for akvakulturanlegg. Det finst i dag fleire oppdrettsanlegg innanfor vernegrensa, og endå fleire ligg i randsona utanfor grensa. Vernereglane vil ikkje ha konsekvensar for ordinær drift av desse verksemdene, då disse allereie har fått konsesjon.
Nye akvakulturanlegg og utvidingar av eksisterande anlegg må vurderast etter verneforskrifta. Hardangerfjorden har urovekkande utvikling i miljøtilstanden, og nye søknadar vil bli vurdert etter same kriterier som elles på kysten, i tillegg til verneforskrifta.
Utsetting av organisamar er forbode, noko som påverker eventuelle planar om framtidig havbeite. Mindre uttak av sand til eige bruk for tilgrensande grunneigarar kan få løyve etter søknad dersom det ikkje er i strid med verneformålet, men det meste av eventuelle behov for sand hos grunneigarane vert dekt utanfor vernegrensa, på privat grunn. Dumping og deponering av massar er ikkje lov i eit marint verneområde.
Skipstrafikk og akvakultur
Hardangerfjorden er ein viktig hovudled med mykje cruisetrafikk og lastetransport til og frå industristadane i Hardanger. Det er ingen fiskerihamner eller ankringsområde i sjølve verneområdet.
Det er fleire lokalitetar for produksjon av matfisk som laks og aure, dyrking av blåskjell og havbeite med dyrking av kamskjell i og i randsona for verneområdet. Vernegrensa er blitt endra i løpet av verneprosessen for å ta omsyn til desse næringane.
Vernegrensa for det marine verneområdet
Grensa for det marine verneområdet dekker eit sjøareal på 67,8 km2 i kommunane Tysnes, Stord og Kvinnherad. Verneområdet femner om overflata, vass-søyla og sjøbotnen.
Vernegrensa følgjer marebakken på 2 meter djupne med unntak i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. Staten eig sjøbotnen frå marebakken og nedover, så i utgangspunktet vert ingen private grunneigarar direkte påverka. Bygging av naust og sjøboder følgjer plan- og bygningslova og blir forvalta av kommunen.
Verneprosessen
Verneprosessen for kandidatområdet Ytre Hardangerfjorden vart, i lag med dei to andre kandidatområda Krossfjorden og Lurefjorden – Lindåsosane, starta opp i februar 2015. Etter oppstart og høyring vart ei tilråding sendt i 2017 frå dåverande Fylkesmannen i Hordaland til Miljødirektoratet.
Avgrensinga av Ytre Hardangerfjorden marine verneområde på kart er justert i løpet av prosessen av omsyn til akvakulturnæringa og innspel frå kommunane, det er også gjort endringar og klargjeringar i vernereglane undervegs i prosessen.
Etter at dåverande Fylkesmannen sendte si tilråding til Miljødirektoratet har også Miljødirektoratet vurdert vernesaka og tilrådd vernet vidare til Klima- og Miljødepartementet. Den 13. februar vart Ytre Hardangerfjorden marine verneområde oppretta hos Kongen i Statsråd, saman med dei andre marine verneområda Kråkvåg-Bjugnfjorden (i Trøndelag), Dalsfjorden og Krossfjorden i Vestland.
Avgrensinga på kart er justert i løpet av prosessen av omsyn til akvakulturnæringa, det er også gjort endringar og klargjeringar i vernereglane undervegs i prosessen.
Du kan lese verneforskrifta til høgre i denne artikkelen under Lenker.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
- Hengende korallhager i kandidatområde for marint vern i ytre Hardangerfjord. Havforskningsinstituttet
- Fylkesmannens oversendelsesbrev.pdf
- Fylkesmannens tilråding.pdf
- Fylkesmannens forslag til forskrifter.pdf
- Fylkesmannens forslag til avgrensning.pdf
- Miljødirektoratets tilråding.pdf
- Miljødirektoratets forslag til forskrifter.pdf
- Miljødirektoratets forslag til avgrensning.pdf