Ny justert vernegrense for Hestad landskapsvernområde

Bildet viser Hestad kapell som står inne i landskapsvernområdet, og fv. 610 som går gjennom verneområdet. Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Miljødirektoratet har gjort vedtak om grensa for Hestad landskapsvernområde.

Publisert 26.09.2024

Miljødirektoratet gjorde 13.09.2024 vedtak om ny (justert) grense for Hestad landskapsvernområde. Vedtaket inneber mindre endringar i høve til grensa som er kjend som gjeldande grense i dag (Naturbasen). Den nye grensa går fram av vernekartet datert september 2023.

Bakgrunnen for grensejusteringa er at det var uklart kor grensa gjekk ut frå kgl.res. frå 22.10 1971, og at det var behov for å presisere grensa etter at det hadde oppstått uklarheit om grensa, slik det går fram av brevet frå Miljødirektoratet.

Hestad landskapsvernområde vart oppretta 22.10.1971 som det første landskapsvernområdet i landet. Fastsetting av grensa slik den gjekk fram av kartet, var mykje meir omtrentleg enn det som er gjeldande praksis i dag. På kartet som følgde kgl.res. i 1971, var grensa vist med ein horisontal (aust-vest) strek i nord, og i sør, godt sør for brua, med ein strek som går frå sørvest til nordaust. Grensa mot aust og vest (Hestadfjorden og Viksdalsvatnet) var ikkje teikna inn på dette kartet.

Med Miljødirektoratet sitt vedtak vert Hestadgrend bedehus liggjande utanfor landskapsverneområdet, og grensa går ut til ein (1) meter djupne i Viksdalsvatnet og i Hestadfjorden, slik at den følgjer eigedomsgrensene for dei dei to teigane som utgjer gnr/bnr 150/18 og som Staten v/ Klima- og miljødepartementet eig. Også i sør følgjer vernegrensa på ein meter djupne under brua på Fv 610.

Miljødirektoratet har også gjort vedtak om mindre justeringar i verneforskrifta som gjeld oppdatering av formalitetar som følgje av samanslåing av kommunar og fylke.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.