Statsministeren markerte Svanøya naturreservat for opna

Mange glade menneskje i skogen der ein mann set ned eit skilt
Det var ein stor dag for naturen i Vestland, og landet for øvrig, då statsminister Jonas Gahr Støre kom for å markere Svanøya naturreservat for opna. Etter markeringa i skogen vart det folkefest i kulturlåven med både panelsamtale og lokal mat til alle som kom. Foto: Jon Anders Stavang.

Det var ein stor dag for naturvernarbeidet i Vestland då statsminister Jonas Gahr Støre kom til Svanøy førre veke. Frå ein talarstol i skogen som var "minst like fin som Stortingets" erklærte han Svanøya naturreservat for opna. 

Publisert 29.08.2024

Festdag i ruskevêr

Det var ein stormfull dag i Sunnfjord, den 20. august, at Svanøya naturreservat fekk storfint besøk av både langvegsfarande og lokale gjester. Verneområdet vart vedteke i statsråd den 21. juni, og etter invitasjon frå Svanøy stiftelse kom statsministeren til øya omtalt som Sunnfjords perle. Sjøen var høg, vinden var tidvis heftig og regnet var stritt. Trass mykje vêr var det berre glade ansikt å sjå under markeringa på Svanøy.

Mange menneskje står framfor store tre og ei dame peikar opp på trea. Det er vått.
Himmelen baud på mykje regn denne dagen, og det illustrerte fint ein av fleire faktorar for kva truga, sjeldne og sårbare artar i regnskogen treng for å trivast. Her er naturforvaltaren frå Statsforvaltaren, Maria Knagenhjelm, i full gang med å fortelje kvifor Svanøy er ein "hotspot" for naturmangfald. Foto: Johan Trygve Solheim.

Over femti elevar deltok på safari i regnskogen

Dagen byrja med at to skuleklassar, både klasse 10 C frå Florø ungdomsskule og 2. klasse frå studieførebuande frå Flora vidaregåande skule, kom med båten til Svanøybukt. Elevane vart med på ein skogssafari langs vegane og inn i verneområdet med Statsforvaltaren og Statens naturoppsyn. På turen frå ferjekaia til verneområdet gikk vi forbi ulike treslag, og snakka litt om dei ulike eigenskapane til tre som eik, alm, ask og kvifor så mange raudlista artar er avhengig av store og gamle tre.

På spørsmålet om kva elevane tenkte på når dei tenkte på regnskog var det stader som Amazonas og artar som papegøyer og orangutanger som kom først. Då vi fortalte at skogen vi stod i på Svanøy nettopp er verna grunna store regnskogskvalitetar var det fleire som byrja å sjå etter leopardar. I staden for leopardar vart elevane utfordra til å sjå seg varsamt rundt etter gul pærelav og tornekranslav, slike regnskogsartar som trivst på Svanøy.

menneskje i natur og skog, sopp, vandring i regn.
Elevane fekk nærmøte med fylkets viktigaste fattig boreonemorale regnskog. Dei fekk i oppgåve å identifisere lav og sopp og mose, mellom anna med bruk av appen Artsorakel. Dei lærte også om kva ein kan gjere og ikkje gjere i verna område i dialog med Anne Rudsengen frå Statens naturoppsyn og Kjell Kvingedal frå Statsforvaltaren. Foto: Anne Rudsengen, Kjell Kvingedal, Maria Knagenhjelm.

Anne Rudsengen frå Statens naturoppsyn fortalte ungdomane om vernereglane i eit naturreservat. Er det til dømes lov å plukke bær? Er det lov å bruke elsykkel? Er det lov å overnatte? Samtalen gav gode refleksjonar hos ungdomane og miljødirektør Kjell Kvingedal kunne lese opp fasiten i verneforskrifta. 

Stor interesse for markeringa av verneområdet

Mange bufaste frå Svanøy og tilreisande frå fjern og nær møtte opp då Jonas Gahr Støre kom til skogen og sette ned skiltet for å markere verneområdet. Regnet og vinden stilna då statsministeren heldt ei tale om verdien av skogen. Med på markeringa var også ordførar Solheim-Olsen, fylkesordførar Askeland, statsforvaltar Navarsete, utvalsleiar i fylkeskommunen Nødset, og mange fleire.

Det var også eit viktig symbolsk "napp" då Støre trakk opp ei lita gran som hadde slått rot i skogen. Grana og spreiinga av småplantar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet i området, og grunneigarar er ivrige på å minne Statsforvaltaren om at grana må fjernast som det første og viktigaste skjøtselstiltaket i verneområdet.

en person står i skogen og smiler og held tale på bakken er det norske flagg
Regn og vind gjorde eit lite opphald då statsminister Støre heldt tale i Svanøy-skogen. Han la vekt på at skogen skal kunne brukast til kunnskapsformidling og snakka spesielt til alle ungdomane som høyrde på. Støre sette ned eit skilt og trakk opp ei gran, til stor applaus frå dei frammøtte. Foto: Anne Rudsengen.

Regjeringa har bevilga ein historisk høg pott til frivillig skogvern det siste året, og statsministeren ville løfte fram naturverdiane og det gode samarbeidet mellom staten og lokalsamfunnet i verneprosessen på Svanøy. Under er utdrag frå talen hans, for å lese heile talen kan de følgje lenkja i høgrefana: 

Vi trenger uberørt skog for mangfoldet som gir andre opplevelser.

Jeg tror, Liv Signe, du har kalt dette, Svanøya naturreservat, at Norge nå har fått en perle i samlingen av verdifulle verneområder. Det kan jeg helhjertet slutte meg til.

For å si det sånn, jeg gir egentlig blaffen i om det er regn eller sol eller vind eller vær når det gjelder skog, for det er opplevelse uansett. Derfor er det kjempebra at det er gjørme her. Dette er virkelig en perle. Derfor er det en glede for meg fra denne talerstolen som er minst like fin som Stortingets, å erklære Svanøya naturreservat for åpnet!

Både NRK og lokale aviser deltok på markeringa, om du vil sjå innslaget på Vestlandsrevyen kan du følgje denne lenkja, eller sjå lenkje i høgrefana.

statsministeren i TV-skjermen
NRK lagde ei sak til Vestlandsrevyen om opninga av Svanøya naturreservat. Opninga kom også på radio. Det var mange til stades under markeringa. Foto: Skjermklypp frå NRK Vestlandsrevyen.

Fullsett kulturlåve for panelsamtale om naturvern og lokal mat

Det var på førehand dekt opp til over 100 menneskje på den store kulturlåven ved Svanøy hovedgård, men den store interessa førte til at folk stod langs veggane for å få med seg resten av markeringa av det nye verneområdet.

Den påfølgjande panelsamtalen på scena vart leia av styreleiar Ola Teigen i Svanøy stiftelse. Han stilte spørsmål knytt til tema frå det lokale naturmangfaldet på Svanøy til korleis eit lite lokalsamfunn kan skape vekst og utvikling basert på naturvern. Teigen stilte også spørsmål om korleis det var å delta i ein verneprosess som grunneigar. Noregs oppfølging av Montreal-avtalen vart også teke opp. Panelet bestod av statsminister Jonas Gahr Støre, grunneigarrepresentant Johan Trygve Solheim, og ansvarleg naturforvaltar for verneprosessen Maria Knagenhjelm frå Statsforvaltaren i Vestland. 

Markeringa vart avrunda etter eit smakfullt måltid laga av lokale råvarar.

tre menneskje på scena framfor masse publikum som ser på
Det var fullt hus i kulturlåven på Svanøy hovedgård då Svanøy stiftelse med Ola Teigen leia panelsamtalen med Jonas Gahr Støre, grunneigar Johan Trygve Solheim og naturforvaltar hos Statsforvaltaren, Maria Knagenhjelm. Biletet er eit skjermklypp frå statsministeren sin konto på sosiale medium. Foto: Statsministerens kontor.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.