Vi tilrår Eimhjellen naturreservat i Gloppen kommune

ein bekk mellom grøn vegetasjon og tre mot himmelen
Det er stor variasjon i landskapet i Eimhjellen. Fleire bekker finn vegen gjennom området frå fjellet og mot innsjøen. Arealet ligg i sterk oseanisk seksjon, som indikerer at det er høg humiditet eller vassmetting i lufta. Fuktig havluft kjem inn over land og vatnet blir "slept" når skyene blir avkjølt i møtet med høge fjell. Foto: Vebjørn Enerstvedt /AT Skog.

I samarbeid med grunneigarane kan vi tilrå vern av 6060 dekar med svært verdifull natur på Eimhjellen som nytt naturreservat i Gloppen. I kandidatområdet er den sterkt truga arten nipdraugmose registrert, ein art som Noreg har eit særleg forvaltningsansvar for. 

Publisert 01.08.2024

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi opprettinga av Eimhjellen naturreservat i Gloppen kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 6060 dekar, der 5223 dekar er registrert som skogdekt. 

Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert avtale, etter prosedyra for frivillig skogvern om vern av skogen deira som naturreservat, og det er AT Skog som har forhandla med staten på deira vegner. 

Eimhjellen vil bli eitt av dei viktigaste naturreservata for truga, sjeldne og sårbare artar i fylket

Eimhjellen dekker eit stort område med særs viktig natur, og kandidatområdet ligg i same nabolag som Ålfotbreen landskapsvernområde og Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Dei mindre naturreservata Bogane og Brandatjørna ligg også tett på. 

Oppretting av eit verneområde på Eimhjellen bidreg til å nå internasjonale mål og forpliktingar, m.a. nedfelt i konvensjonen for biologisk mangfald om å ta vare på truga artar. Ved å verne naturen mot ulike typar inngrep gir verneområdet eit positivt bidrag til det nasjonale og internasjonale målet om å stanse tapet av naturmangfald. Eimhjellen vil bidra til å kome nærmare det nasjonale målet vedteke av Stortinget om 10 % vern av skog.

skogslandskap med furu og lågt skydekke
Eimhjellen er eit nasjonalt verdifullt naturområde som både husar regnskog og rik edellauvskog. Her trivst artar som er uvanleg sjeldne, som til dømes den kritisk truga nipdraugmosen. Den trivst berre her og eit fåtalls andre stader som i Skottland og i Himalaya. Foto: Ulrike Hanssen.

Nye artar for vitskapen vart oppdaga her

Med bakgrunn i mangelanalysar i skogvernet skårar Eimhjellen høgt på dekning av regnskogsmiljø, i tillegg til at området inkluderer andre kvalitetar knytt til kystnære skogmiljø og edellauvskog. Området dekker også manglar i skogvernet ved at over halve arealet har høg eller særs høg bonitet.

Eimhjellen er samanhengande, lågtliggjande og stort. Området er del av eit større areal som også går inn i Kinn kommune, og lokaliteten vart vurdert som eit seks-stjerners område (på ein skala frå 1-6) i kystfuruskogskartlegginga i 2015. Nipdraugmosen (EN, sterkt truga på den norske raudlista) er oppdaga ny for vitskapen her, Endestad er såleis typelokaliteten til arten. Nipdraugmose er en internasjonalt meget sjelden art som Norge har et stort ansvar for, og den finst på eit fåtals lokalitetar i Skottland og Himalaya (samt ein plass i Bremanger). Endestadnipa vart i 1995 omtalt som ein av tolv særleg verneverdige moselokalitetar i Noreg (European Committee for Conservation of Bryophytes). Les meir om nipdraugmosen ved å følgje lenkja til høgre. 

nærbilete av mose
Nipdraugmosen vart først oppdaga for verden i 1902 av E. Jørgensen i skogen på Eimhjellen. Arten er kategorisert som kritisk truga på den norske rødlista, og har same status som til dømes panda på Tibet-platået og skilpadder på Galapagos. Grunneigarane og tidlegare generasjonar har forvalta området slik at det er store og intakte naturverdiar her. Foto: Geir Gaarder.

Vi vurderer området til å vere nasjonalt svært verdifullt og viktig å prioritere til vern. Vern av skogen bidreg også til å redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem.

Ein inkluderande og open verneprosess er avgjerande

Oppstartsmelding og høyringsdokument for verneområdet er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Det kom inn fleire innspel til verneprosessen. Omtale av interessser som til dømes energi, friluftsliv, kulturminne med meir er å lese i tilrådinga. Der ligg også eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse.

I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i aviser som er lest lokalt og regionalt. Verneforskrifta er tilgjengeleg bak i tilrådinga vår som ligg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta.

Miljødirektoratet skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD før vernevedtak i statsråd. Vi håpar på vernevedtak i løpet av året. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.