Vi tilrår Frønningen naturreservat i Lærdal kommune
Vi tilrår etablering av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune. Området er 17 238 dekar stort og er tilrådd etter dialog med grunneigar. Arealet husar svært gamal skog over eit stort areal og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar.
Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi opprettinga av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 17 238 dekar, der 7155 dekar er registrert som skogdekt.
Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern, og det er Norskog som har forhandla med staten på vegner av han.
Rundt kandidatområdet, langs dei eksisterande verneområdegrensene, ligg UNESCO sitt verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap. Frønningen husar uvanleg gamle furutre som byrja å gro allereie då Urnes stavkyrkje vart bygd og slaget på Fimreite avgjorde kongemakta i Noreg.
Intakt areal tilgrensande verdsarv og landskapsvern
Oppretting av Frønningen naturreservat vil bidra til å nå internasjonale mål og forpliktingar, nedfelt i konvensjonen for biologisk mangfald om eit samanhengande verneområde-nettverk. Ved å verne naturen mot ulike typar inngrep gir verneområdet eit positivt bidrag til det nasjonale og internasjonale målet om å stanse tapet av naturmangfald.
Frønningen vil bidra til å kome nærmare det nasjonale målet vedteke av Stortinget om 10 % vern av skog. Det tilrådde verneområdet består av gamal boreal barskog og vil inngå i eit større nettverk av verneområde i Indre Sogn. Vern av skogen bidreg til å redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre dette nettverket av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem.
Oppstartsmelding og høyringsdokument for verneområdet er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Omtale av interessser som til dømes friluftsliv, kraftliner, med meir er å lese i tilrådinga.
I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i Sogn Avis og i Porten.
Vi tilrår å opprette Frønningen naturreservat
Det kom inn fleire innspel til verneprosessen. I tilrådinga ligg eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse. Miljødirektoratet skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD før vernevedtak i statsråd. Vi håpar på vernevedtak i løpet av året.
Vernekart og verneforskrift er tilgjengeleg bak i tilrådinga vår som ligg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta.
Kontaktpersoner
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50