Vi tilrår vern av Gyttavatnet naturreservat i Fjaler

utsyn over eit vatn og skogkledde lier med lågt skydekke i gråvær
Gyttavatnet er tilbydd til frivillig skogvern. Området er lågtliggjande og inkluderer verdifull skog som leveområde for ei lang rekke artar. Biletet er teke ein februardag med lågt skydekke og syner kandidatområdet nordvestover frå Gyttakleiva, ein topp på 130 meter over havet . Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vi tilrår frivillig skogvern av Gyttavatnet i Fjaler kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar og husar kystfuruskog, bekkekløft og rik edellauvskog med sjeldne artar. Ein status som naturreservat vil ivareta desse verdiane godt. 

Publisert 23.05.2024

Gyttavatnet har sjeldan, sårbar og truga naturmangfald

Skogen vi foreslår til vern inkluderer 12 ulike naturtyperegistreringar i eit forholdsvis samanhengande og intakt område av lågareliggjande skog. I arealet er det registrert stor variasjon i vegetasjon, og jamt over fleiraldra skog med lite påverknad av menneskeleg aktivitet. Det er gamal kystfuruskog med blåbærskog og lågurtskog med seintveksande furutre, stadvis truleg med alder på truleg over 300 år. Skogen ligg i boreonemoral og sørboreal vegetasjonssone, og klart oseanisk/sterkt oseanisk kystseksjon.

Sørvest i området ligg ei nordvendt kløft med velutvikla lav- og mosesamfunn med fuktkrevjande artar, og det finst fleire lokalitetar med velutvikla gamal boreal lauvskog med kravfulle raudlista artar som olivenlav og kystprikklav. Ved vatnet er det blåbær-svartorskog og alm-lindeskog av vestleg utforming med hasselkratt. Artsregistreringar som ospeildkjuke tyder på god kontinuitet av osp. Eit funn av blomsterstry (VU) var det andre funnet av arten på Vestlandet.

Kvitfor er skogen ved Gyttavatnet så verdifull at den blir verna? 

Vi vurderer området til å oppfylle viktige manglar i skogvernet både i fylket og nasjonalt med gamal og variert rik og fattig edellauvskog, fattig boreonemoral regnskog og forholdsvis intakte område av lågareliggjande skog i boreonemoral og sørboreal vegetasjonssone. Området har vore kartlagt av erfarne biologar, og Statsforvaltaren er kjent i området gjennom synfaringar i felt. Vern av skogen sikrar naturmangfald, men også karbonlagring for framtida.

nærbilete av ein buskete lys lav som veks på ein grein
Blomsterstry er ein sjeldan art i Vestland av kantlav-ordenen, og funnet av denne arten ved Gyttavatnet var det andre funnet i vår landsdel. Den er kategorisert som sårbar på den norske rødlista og den veks på greinar av spesielt eik i område med god kontinuitet i skogen. Foto: Endre Timdal.

Kor ligg dette framtidige verneområdet? 

Det tilrådde området, Gyttavatnet naturreservat, er lokalisert på gards- og bruksnummer 26/1, 96/1, 96/3, 96/8, 96/9, 98/3, 100/4, 100/5 og 104/2 i Fjaler kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av eigedommane som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Miljødirektoratet eig også areal der. Kandidatområdet ligg mellom Gyttavatnet og Breidvatnet, sør for Flekke, mellom 10 og 455 moh.

Tilrådinga gjeld eit areal med storleik på 4475 dekar. Vårt framlegg til vern, med både oppsummering av verneprosessen, verneforskrift og kart over ligg til høgre i denne nettsaka. I ramma til høgre kan du også lese nettsaka som fulgte oppstartsmeldinga og høyringa. 

Merknader til verneforslaget  

Oppstart og høyringsbrev for verneområdet vart sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dette brevet. I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden til Statsforvaltaren i Vestland, og kunngjort i lokale aviser som blir lest på staden.  

Ingen av innspela i verneprosessen har vore kritiske til vern. Ei oppsummering av innspela ligg i tilrådinga til høgre.

ein bålplass med benk og utsyn mot vatn
I det tilrådde naturreservatet ligg det ein bålplass som ser ut til å vere hyppig i bruk. Det vil framleis vere mogeleg å brenne bål i naturreservatet, men det vil ikkje vere lov å hogge tre for å fyre opp. Det beste er å ta med eigen ved eller plukke nedfallskvist i frå bakken. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Heimelsgrunnlag

Gyttavatnet blir tilrådd verna i medhald av lov av 19. juni 2009 nr.100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova). I lova er det gitt heimel for oppretting av ulike vernekategoriar i §§ 35 til 39. Generelle mål for områdevern følger av naturmangfaldlova § 33. Føremålet med det enkelte verneområdet må bli skildra konkret og bli knytt opp mot forskrifta som gjeld den enkelte vernekategori i §§ 36 og 37. Naturreservat er den strengaste forma for vern etter naturmangfaldlova.

Statsforvaltaren si tilråding

Statsforvaltaren i Vestland tilrår oppretting av Gyttavatnet naturreservatet i Fjaler kommune. Det er Miljødirektoratet som handsamar saka vidare. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.