Regjeringa har i Statsråd 25.11.2016 utvida Prestaksla naturreservat med ca. 480 daa. «Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i skogsnaturen vår», seier seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen.
25.11.2016
18 aktørar frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vert å finne på ei av verdas største matmesser, Internationale Grüne Woche, i Berlin 20-29.januar.
17.11.2016
Blåshimmelosten Kraftkar frå Tingvollost vart nyleg kåra til den beste osten på planeten etter ein overraskande og kjenslelada finale i 29. World Cheese Awards, i Basque Country city i San Sebastian. Kåringa skjedde i konkurranse med eit stort tal ostar frå heile verda.
16.11.2016
Ajourhald av kartdata var kanskje det viktigaste temaet, då alle kommunane i fylket 14. og 15.11. 2016 var samla til seminar om forvaltning av tilskot i landbruket.
15.11.2016
Foreløpig fellesnemnd med varamedlemmar i Nye Fræna og Eide kommune hadde i går besøk av Fylkesmannen og KS.
09.11.2016
1. og 2. november samla Nasjonal gruppe for Barnekonvensjonen 50 deltakarar frå snart alle fylkesmannsembeta og fleire direktorat på Voksenåsen i Oslo. Korleis barnekonvensjonen vert brukt i det daglege arbeidet hos Fylkesmannen, i direktorat, i kommune og i frivillig organisasjonar var tema for dagane.
03.11.2016
Bygg i massivtre, effekten av omgraving av myr på utslepp av klimagassar, kjøtproduksjon på storfe, Nofence, og sauebruk var tema for landbruks- og matminister Jon Georg Dale sitt besøk i fylket 1. november 2016.
02.11.2016
Vanylven omsorgssenter er ein av dei fem beste institusjonane her i landet til å skape gylne måltidsøyeblikk til bebuarane sine. Dei vert no heidra med diplom frå Landbruks-og matdepartementet for denne innsatsen.
24.10.2016
Fylkesmannen er veldig godt nøgd med at Molde kommune har prioritert jordvernet i kommunedelplanen, der dei aller fleste innspela er avvist med omsyn til vern av matproduserande areal.
06.10.2016
Dronninga skal opne Alnes fyr- og opplevelsessenter den 7.10.2016.
03.10.2016