Barnehage

Oppdatert 12.03.2024

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir


Publisert 22.02.2021

Ekstraordinær innsamling i BASIL/GSI

Det vil i løpet av mars/april vere ei ekstraordinær datainnsamling gjennom BASIL/GSI for å få oppdatert kunnskap om konsekvensane av lokale smitteutbrudd for tilbodet til barn og unge


Publisert 13.10.2020

Tilskudd til opplæring i tegnspråk

Målet med tilskuddet er å legge til rette for at barnehager, grunnskoler og videregående skoler kan gi opplæring i tegnspråk. TIlskuddet gjelder for søsken av døve eller tegnspråklige barn, og til barn av døve eller tegnspråkllige foreldre. 


Publisert 24.04.2020

Gjenopning av barnehagar og skular

Her finn de presentasjonane frå møta Fylkesmannen har gjennomført vedk. gjenopning av barnehagar og skular. De finn og lenke til Utdanningsdirektoratet sin side "Veiledere om smittevern i barnehager og skoler" og lenker til mellombelse lover og forskrifter (26.05.2020 - 01.11.2020).


Publisert 23.03.2020

Informasjon frå Utdanningsdirektoratet om koronasituasjonen

Her ligg oppdatert informasjon om Koronasituasjonen fra Utdanningsdirektoratet:

 


Publisert 17.02.2020

Regionale møte med kommunane på barnehage og skuleområdet

Fylkesmannen inviterer til regionale møte med kommunane i februar og mars 2020. Tema er sentrale område innan barnehage og opplæring.


Publisert 04.11.2019

Barnehagekonferansen 2019

Barnehagekonferansen 2019 i Møre og Romsdal vart arrangert 31. oktober og 1. november i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.


Publisert 19.08.2019

Nytt til barnehagestart 2019

Her finn du nyttig informasjon om barnehagestart hausten 2019.


Publisert 10.07.2019

Kandidatar til nytt FUG og FUB 2020-2023

Invitasjon til å kome med forslag til nytt foreldreutvalg for grunnopplæringa (FUG)  og nytt foreldreutvalg for barnehagar (FUB) 2020-2023


Publisert 06.02.2019

Regionale møte 2019

Lysarka frå dei regionale møta på barnehage- og opplæringsområdet er no lagt ut.


Publisert 10.12.2018

Nye retningsliner for mat og måltid i barnehagen

Nasjonal fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen erstatta IS-1484: «Retningslinjer for mat og måltider i barnehagen» fra 2007.