Eksamen og vurdering

På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

Sist endra 17.01.2024

Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir.).

Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.

 


Publisert 07.12.2017

Aktuelle samlingar på vurderingsfeltet 2018

Datoar for aktuelle møter, samlingar og skuleringar våren 2018.


Publisert 06.09.2017

Ny sjekkliste for nasjonale prøver haust 2017

Det er no tid for gjennomføring av nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn. I den forbindelse vil vi gjere oppmerksam på ny sjekkliste for nasjonale prøver som er utarbeida av Utdanningsdirektoratet.


Publisert 14.07.2017

Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal 2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur ved sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Vi har også klagehandsaming på standpunktkarakterar. Førebels karakterstatistikk for eksamen og resultat av klage på standpunktkarakterar 2017 er no klar.


Publisert 03.07.2017

Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2017 - Oppmannsrapportar

Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2017 er no publiserte. Rapportane gjeld for prøveregion Møre og Romsdal/ Sogn og Fjordane.


Publisert 08.05.2017

Sensorskulering i grunnskulen 2017

Totalt 108 sensorar frå region Møre og Romsdal / Sogn og Fjordane deltok på årets skulering til sentralt gitt eksamen i norsk, engelsk og matematikk i grunnskulen som vart arrangert den 4. og 5. mai på Hotel Alexandra i Loen.


Publisert 23.02.2017

Ekstra møte om eksamen og vurdering for Nordre Sunnmøre

Lysark frå møte om eksamen og vurdering for grunnskulen 16.02.2017 er no lagt ut.


Publisert 03.02.2017

Fagdag om standpunktvurdering for vidaregåande skular

Lysark frå fagdag om standpunktvurdering for vidaregåande skular 02.02.2017 er no lagt ut.


Publisert 03.02.2017

Møte om eksamen og vurdering og fagdag om standpunktvurdering for grunnskulen

Lysark frå møte om eksamen og vurdering 31.01.2017 og fagdag om standpunktvurdering for grunnskulen 01.02.2017 er no lagt ut.


Publisert 05.07.2016

Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2016 - Oppmannsrapportar

Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2016 er no publiserte. Rapportane gjeld for prøveregion Møre og Romsdal/ Sogn og Fjordane.


Publisert 08.02.2016

Møte om eksamen og vurdering 2016

Lysark frå møte 3. februar 2016.