Informasjonsbrev veke 46/2023
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-11 – Frist 22. november
- Jordvernkonferanse 5. desember - påmeldingsfrist 17. november
- Jordvernmål nyttar
- Fylkesstatistikk 2023 for Møre og Romsdal
- Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-11 – Frist 22. novembe
Virkesopplysningar for periode 2023-11 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 22. november. Det er viktig at det blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Jordvernkonferanse 5. desember - påmeldingsfrist 17. november
På FN sin internasjonale jorddag 5. desember, arrangerer NIBIO, Jordvern Norge og Norges Bondelag konferanse om jordvern. Konferansen vert arrangert på Ingeniørenes hus i Oslo kl. 09.30 til 16.00, men det er også mogleg å delta digitalt. Deltakaravgift digitalt kr. 250,-
Kontaktperson: Tormod Meisingset
Statistikken viser at det nyttar å sette seg jordvernmål. Bustadbygging står likevel for over 40 % av nedbygginga av dyrka mark i Møre og Romsdal. Skal vi nå det nye regionale jordvernmålet på 100 dekar, så må kommunane sjå på anna alternativ enn matjord som utbyggingsareal.
Kontaktperson: Tormod Meisingset
Fylkesstatistikk 2023 for Møre og Romsdal
Møre og Romsdal Fylkeskommune presenterer årleg ein Fylkesstatistikk. Den skal bidra til å identifisere utfordringar i fylket, gje kunnskapsgrunnlag for avgjerder, og vere eit innspel i samfunnsdebatten.
Landbruk er omtalt i eit eige kapittel, skrive av oss på Landbruksavdelinga. I år har vi med tre artiklar. I tillegg til artikkelen om at jordvernmål nyttar som omtalt ovanfor, skriv vi om:
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal
Studentar som skriv oppgåve om bruk av tre i samarbeid med trebaserte næringar i Møre og Romsdal, kan søke om kr 10 000 frå Tredrivar-prosjektet i Møre og Romsdal. Tredrivaren sitt stipend skal oppmuntre til samarbeid mellom studentar, utdanningsinstitusjonar og trebaserte næringar.
Målet er å lage koplingar som på sikt gir kompetanseheving, innovasjon og rekruttering.
Les meir her:
Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit