Jordvern og landbrukseigedom

God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Som fagmynde innanfor landbruk skal statsforvaltaren sørge for at jordvern og landbrukseigedom blir ivareteke i kommunal arealforvaltning.

Statsforvaltaren skal også sikre at kommunale vedtak er i samsvar med gjeldande lovverk, både som klageinstans og overordna organ.

Kommunane tek avgjerder for korleis areala skal brukast innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunane fattar vedtak, som etter statsforvaltaren sitt syn går utanfor desse rammene, har Statsforvaltaren myndigheit til klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar, og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.


Publisert 18.01.2019

Medhald i 2 klagesaker – jordvern

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i 2 klagesaker, ei i Ørsta og ei i Skodje kommune. Begge sakene handlar om bygging av hus nr. 2 på landbrukseigedom. Sakene har viktige, prinsipielle moment, som kommunane i Møre og Romsdal bør leggje til grunn i si handsaming i både dispensasjonsvurdering og vedtak i liknande saker.


Publisert 17.01.2019

Mykje matjord i fare for nedbygging i Møre og Romsdal

Det er stor aktivitet i arealplanlegginga rundt om i Møre og Romsdal, og ein del planlagte tiltak byr på interessekonflikter mellom bruk og vern. Fylkesmannen har myndigheit til å fremje motsegn til planer som bryt med viktige nasjonale interesser, blant anna bevaring av matjord. Her kjem ei oversikt over 6 kommuneplanar og vår landbruksfaglege vurdering av desse.


Publisert 05.10.2018

Presisering av jordvernet sin betydning og Fylkesmannen si rolle i plansaker

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud sendte 1. oktober 2018 ut brev til alle fylkesmenn med presisering av jordvernet si betydning og korleis Fylkesmannen skal vurdere jordvernet i kommunale plansaker. Brevet er eit ledd i oppfølging av regjeringa si jordvernstrategi, og må sjåast i samanheng med den oppdaterte strategien, som blir lagt fram i høve statsbudsjettet.


Publisert 20.06.2018

Utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler – trekking av motsegn

I høve utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler i Stranda kommune vert ca. 7 daa fulldyrka mark omdisponert til næringsføremål. Fylkesmannen er av den oppfatning at når næringsaktøren først har etablert seg, må dei også kunne ha rom for utviding. Diverre går det denne gang på bekostning av god matjord, ettersom det ikkje var reelle alternativ.


Publisert 20.06.2018

Møre og Romsdal toppar verstingliste

Dei endelege tala frå KOSTRA syner at 4025 dekar jord vart vedtatt nedbygd i 2017 i Noreg. Møre og Romsdal er det fylket som byggjer ned mest matjord i heile landet, med 734 dekar dyrka jord. Bustad- og vegbygging er hovedårsaka til det omfattande tapet av viktig matproduserande landbruksareal.


Publisert 31.05.2018

Medhald i 3 klager – jordvern

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhold i 3 klagesaker, der alle hadde viktige, prinsipielle moment, som kommunane i fylket bør leggje til grunn i si sakshandsaming i dispensasjonsvurdering og vedtak. Dette gjeld drifts- og miljømessige ulemper, presedensverknad og fritidsbustad på dyrka mark med vilkår.


Publisert 07.03.2018

Verdiset jordbruksareal og dyrkbar jord i konsekvensanalyser

Ein rapporten NIBIO har utarbeidd på oppdrag frå Vegvesenet gir utfyllande skildring av bakgrunnen for verdiklassifiseringene og kartgrunnlaget dei er bygd på, samt bakgrunn for vurdering av påverknad.


Publisert 20.02.2018

Motsegn til arealdel av kommuneplan for Gjemnes - jordvern

Fylkesmannen har på vegne av landbruksinteressene 7 motsegn mot kommuneplanen sin arealdel for Gjemnes i samband med offentleg ettersyn. Hovudmoment for motsegn er at Gjemnes kommune legg opp til for stor arealreserve for bustadar på matproduserande jord, noko som bryt med nasjonal jordvernstrategi og Fylkestinget sitt jordvernmål i Møre og Romsdal. 


Publisert 13.02.2018

Infoplakat om jordbruket i Sykkylven

Sykkylven kommune har laga ein informasjonsplakat om jordbruket i kommunen. Denne er veldig visuell, informativ, og gir god reklame for landbruksnæringa i kommune. Kanskje er den eit bra tips til fleire kommunar?


Publisert 13.02.2018

Infoplakat om jordbruket i Sykkylven

Sykkylven kommune har laga ein informasjonsplakat om jordbruket i kommunen. Denne er veldig visuell, informativ, og gir god reklame for landbruksnæringa i kommune. Kanskje er den eit bra tips til fleire kommunar?