Fangststatistikk for laks og sjøaure i Møre og Romsdal 2017
I 2017 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 38 tonn. Dette er på same nivå som i 2016. Surna hadde størst fangst i fylket med totalt 6,2 tonn laks i 2017, medan det i 2016 vart fanga 8,2 tonn laks.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ein god fangststatistikk i kombinasjon med andre undersøkingar som videoovervaking av oppgang og telling av gytefisk (dykking) på hausten, gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet med å sikre og styrke fiskebestandane for framtida m.a. ved å fastsette gode fiskereglar.
Nyare undersøkingar i regi av Norsk institutt for naturforskning (NINA) viser at gjenutsett laks i tre undersøkte elvar har ein overleving på i snitt 93 %. Ved forsøk med gjenutsetting i sju elvar vart i snitt 13 % av laksen fanga på nytt i fiskesesongen.
Nedgangen i sjøaurefangsten er tydeleg i mange vassdrag, ikkje minst i Driva som omkring år 2000 var ein av dei beste sjøaureelvane i landet. I 2017 var det ikkje tillatt å fiske sjøaure i Driva.
Fangst i vassdraga i 2017
Laks
I nokre vassdrag blir ein del av laksen gjenutsett. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2017. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.
1. |
Surna, Surnadal: |
6252 (4711/1541) |
2. |
Driva, Sunndal: |
5006 (4490/516) |
3. |
Eira, Nesset: |
2444 (1727/717) |
4. |
Bondalselva, Ørsta: |
2373 (2373/0) |
5. |
Ørstaelva, Ørsta: |
2190 (2190/0) |
6. |
Vikelva (Bjørke), Ørsta: |
1436 (1436/0) |
7. |
Moaelva, Fræna: |
1383 (1371/12) |
8. |
Oselva, Molde: |
1369 (1369/0) |
9. |
Stordalselva, Stordal: |
1348 (1348/0) |
10. |
Korsbrekkeelva, Stranda: |
1097 (1060/37) |
Sjøaure
Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av sjøaure i 2017. Tal i parantes viser kilo avliva sjøaure/kilo gjenutsett sjøaure. I Driva var all sjøaure freda i 2017.
1. |
Driva, Sunndal: |
516 (0/516) |
2. |
Nåsvassdraget, Eide: |
502 (393/109) |
3. |
Usma, Sunndal: |
275 (275/0) |
4. |
Vatneelva, Haram: |
267 (237/30) |
5. |
Surna, Surnadal: |
167 (167/0) |
6. |
Fuglvågvassdraget, Smøla: |
136 (76/60) |
7. |
Søya, Surnadal: |
133 (110/23) |
8. |
Litledalselva, Sunndal: |
125 (125/0) |
9. |
Hopenvassdraget, Smøla: |
123 (71/52) |
10. |
Fetvassdraget, Sykkylven: |
122 (122/0) |
Kontaktpersonar
-
Ove Eide
Tlf: 71 25 84 70 / 99 24 59 53 -
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71 / 97 19 98 29