Lite fisk i flomelvane
Det har vore lite regn i vår og sommar. Difor har det vore svært lite vatn i dei elvane som ikkje blir forsynt av vatn frå snøsmeltinga i høgfjellet. Det har ført til at laks og sjøaure som er på veg mot elvane for å gyte har blitt ståande i fjorden. Dette har ført til eit aktivt fritidsfiske etter laks og søaure i sjøen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bestandane av både laks og sjøaure har vorte sterkt reduserte dei seinare åra. Det er det mange ulike årsakar til. Den faktoren som det er enklast å gjere noko med, er å avgrense haustinga. Høve til hausting av laks og sjøaure har difor vorte sterkt redusert gjennom ulike reguleringar både i sjøen og i elvane.
Målet er at det skal vere att nok gytefisk etter fiskesesongen til at elvane får produsere neste generasjon med laks og sjøaure i heile sitt produktive areal.
Regulering av fisket ut for elvane/inst i fjordane:
I fredingstida for det enkelte vassdraget er det ikkje tillate å fiske nærare grensa elv/sjø (elvemunningen) enn hundre meter. Fylkesmannen har utvida munningsfredingssoner ut for vel 80 viktige fiskevassdrag for å regulere fisket i sjøen. I munningsfredingssonene følgjer fisketida for fiske etter anadrom laksefisk frå land og båt reglane for fiske etter sjøaure i det vassdraget innafor sona som har den kortaste fisketida.
I slike tørre år som vi har hatt i år, er reguleringa av fisket i munningsfredingssonene spesielt viktige for å sikre at det blir att nok gytefisk som kan gå på elvane når det kjem vatn.
Nokre døme på lovleg fisketid etter laks og sjøaure med inntil to slukar/krokar innafor munningsfredingsområde i sjø i Møre og Romsdal:
Kommune |
Fredingssone i/ved: |
Fisketid i sjø |
Vanylven |
Åheim |
15.06.-15.08. |
Ørsta |
Ørstafjorden |
15.06.-31.07. |
Ålesund |
Spjelkavik |
15.06.-15.07. |
Ørskog |
Sjøholt |
Freda |
Skodje |
Dragsundet |
Freda |
Haram |
Vatnefjorden |
15.06.-31.07. |
Vestnes |
Tresfjorden |
15.06.-31.07. |
Rauma |
Måndalen |
Freda |
|
Innfjorden |
Freda |
|
Rauma elv |
Freda |
|
Isfjorden |
Freda |
Molde |
Osen |
15.06.-15.07. |
Eide |
Holmsundet |
Freda |
Sunndal |
Driva |
01.07.-31.08. |
Nesset |
Eira |
01.06.-31.08. |
Surnadal |
Surna |
01.06.-31.08. |
Smøla |
Fuglevågen |
15.12.-15.09. |
Sykkylven |
Sykkylvsfjorden |
15.06.-15.07. |
(Dette er noko forenkla for å vise litt av mangfaldet)
For fullt oversyn over kor det er munningsfredingsområde, gå inn på www.gislink.no og vel «Kyst/fiskeri» og «Fredningssoner for laks og sjøørret»
Viktige delar av regelverket som gjeld fiske etter laks og sjøaure:
Munningsfredingsforskrift: https://lovdata.no/dokument/FV/forskrift/1994-05-31-619
Munningsfreding Dragsundet og Holmsundet: https://lovdata.no/dokument/FV/forskrift/2009-06-04-931
Fisketider sjø: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-05-10-431
Fisketider vassdrag: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-05-10-438
Tillatne reiskaper: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2003-02-25-256
Åpningsforskrifta: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2003-06-20-736
Påbod om nedsenking av garn: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2003-06-20-737
Kontaktpersonar
-
Ulf Lucasen
Tlf: 71 25 84 24 / 48 02 20 90