Sjekkar kommunane sin kontroll over forsøpling
Kommunane i Norge skal slå ned på forsøpling og krevje opprydding. I år blir kommunane sett i korta gjennom tilsyn. Følgjer dei lovverket om forsøpling?
– Kommunane har omfattande myndigheit og plikter på avfallsområdet. Mellom anna skal dei sørgje for å samle inn hushaldsavfall og å ha ordningar for å ta imot fleire avfallstypar. Kommunane er også forureiningsmyndigheit for forsøpling, seier Christian Dahl, underdirektør for forureining hos Satsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Under tilsynet må kommunane svare på om dei klarer å leve opp til pliktene sine på forsøplingsområdet. Dei får eit spørjeskjema som dei må fylle ut.
Skal rettleie om plikter og ha oversikt over forsøpling
– Forureining kan vere mykje. Det kan vere alt frå kasserte båtar eller køyretøy, til rot og søppel etter arrangement. Det kan også vere dumping av avfall på plassar der det ikkje er løyve til det, og mykje anna, seier Dahl.
Han fortel at kommunen skal rettleie innbyggarar og aktørar i kommunen om kva plikter dei har til ikkje å forsøple. Kommunen skal også halde oversikt over forsøpling i kommunen og følgje opp forbod og krav gjennom eigeninitierte tilsyn eller etter førespurnadar frå publikum.
– Som eit eksempel skal kommunen undersøke og krevje at kioskar og daglegvarebutikkar sørgjer for avfallsbehaldarar utanfor inngangane sine og tømmer desse.
Myndigheit og verkemiddel til å krevje opprydding
Kommunen har myndigheit til å følgje opp brot på forsøplingsforbodet. Dei kan krevje opplysningar, granske og undersøke forureininga. Dei kan også påleggje den ansvarlege for forsøpling eller forureining å rydde opp.
– Kommunen har ulike verkemiddel for å krevje at det vert rydda opp i forsøpling. Til dømes kan dei gi tvangsmulkter. Kommunen kan også melde saka til politiet dersom den ansvarlege for forsøplinga ikkje ryddar opp, seier Dahl.
Under tilsynet i vår får kommunane også spørsmål om dei har behov for rettleiing og verkemiddel på forsøplingsområdet.
Skal gi kunnskap
Tilsynet med kommunane er landsomfattande og koordinert av Miljødirektoratet. Det blir gjennomført av statsforvaltarane.
– Aksjonen skal gi kunnskap om korleis kommunane arbeider med forsøplingssaker og om dei har internkontroll på området. Kartlegginga omfattar også korleis kommunane tar i mot og følger opp forsøplingssaker og kva for verkemiddel dei nyttar i oppfølgingsarbeidet, seier Christian Dahl.
Det er sju år sidan førre landsomfattande tilsynsaksjon med kommunane om forsøpling. Tilsynet i år er nettopp rulla ut, og kommunane i Møre og Romsdal har frist til 15. juni med å svare.