Straff for ulovleg handtering av farlig avfall
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meldte i fjor Ålesund kommune til politiet for brot på forureiningslova. Saka gjeld ulovleg handtering av farleg avfall i 2018. Politiet har no gitt forelegg i saka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren oppdaga i 2019 at Ålesund kommune sitt avfallsanlegg i Bingsa ikkje hadde levert farleg avfall vidare til lovleg handtering. Dette gjaldt fleire hundre tonn med CCA-impregnert trevirke. Innhaldet av tungmetall i slikt trevirke gjer det til farleg avfall.
Farleg for menneske og miljø
– Det er viktig at alt avfall blir tatt hand om på forsvarleg måte slik at det ikkje kan føre til forureining. Dette gjeld spesielt for avfall som blir rekna for farleg fordi det inneheld stoff som er skadelege for menneske og miljø. CCA-impregnert trevirke skal sendast til eit forbrenningsanlegg med løyve til å brenne slikt avfall og der utsleppa blir tilstrekkeleg reinsa, fortel Christian Dahl, fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Inndraging og bot
Det er mogleg å spare utgifter ved å late vere å handtere avfall riktig. I denne saka har politiet vedtatt inndraging av 362 200 kroner for sparte utgifter til lovleg vidarelevering av avfall. I tillegg kjem ei bot på 250 000 kroner for brot på forureiningslova.
– Statsforvaltaren er forureiningsmyndigheit for anlegg som tar imot, sorterer og lagrar avfall. Vi fører tilsyn med at vilkår i løyve og lovverk blir haldne. Når vilkåra til ei verksemd ikkje vert følgd, er dette eit lovbrot. I dei tilfella der det dreier seg om alvorlege brot, vil Statsforvaltaren alltid vurdere å meldte saka til politiet, fortel Dahl.
Nulltoleranse
Han seier at det ikkje er noko toleranse for lovbrot når saka gjeld farleg avfall, og at slike saker har lågare terskel for å bli meldte enn saker som gjeld ordinært avfall.
– I denne saka var det store mengder farleg avfall som ikkje var handtert på lovleg måte. Slike tilfelle vil alltid bli melde til politiet. Statsforvaltaren er nøgd med at politiet har etterforska saka og kome med ein reaksjon. Resultatet viser tydeleg at miljøkriminalitet ikkje skal løne seg.
Ny driftsleiing
Det er ikkje lenger Ålesund kommune som driv avfallsanlegget i Bingsa. Bingsa Gjenvinning AS overtok drifta i 2019 og har gjort mange endringar ved anlegget. Selskapet har samarbeidd med Statsforvaltaren for å sørge for at tilhøva er i tråd med krav i løyve og regelverk.
Kontaktpersonar
-
Christian Dahl
Tlf: 71 25 84 19 -
Linda Aaram
Tlf: 71 25 84 23 / 97 50 31 85