Kommunane kan søke om tilskot til natur
Regjeringa styrkar satsinga på natur med ei heilt ny tilskotsordning som går under namnet «Natursats».
«Mange kommuner jobber aktivt for å bevare naturen, og regjeringen støtter kommunene i dette arbeidet. Med Natursats kan kommunene nå også få tilskudd til lokale tiltak som forbedrer tilstanden i naturen. Dette kommer i tillegg til eksisterende tilskudd til kommunedelplan for natur og planvask», seier Bjelland Eriksen.
I 2024 er støtta til tilskotsordninga styrka med 50 millionar kronar, og budsjettposten er på tilsaman 53 millionar kronar.
Les meir om saken på Regjeringen.no.
Søknadsfrist er 5. april og kommunane må søkje via elektronisk søknadssenter. Søknadsskjemaet åpnes 1. mars.
Tilskot til naturrestaurering
I tillegg til Natursats har regjeringa også oppretta ei tilskotsordning på ti millionar kroner for naturrestaurering. Denne kan kommunar også søke om midlar frå, i tillegg til organisasjonar og private.
Åra 2021– 2030 er FNs tiår for restaurering av økosystem. Norge har mål om å oppskalere restaureringsarbeidet, og denne nye tilskotsordninga er ein del av satsinga for å auke omfanget av naturrestaurering.
Søknadsfrist er 5. april og ein må søke via elektronisk søknadssenter. Søknadsskjemaet åpnes 1. mars.
Restaurering i Rørvikvatnet naturreservat. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.