KUNNGJERINGAR
Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Miljødirektoratet har ferdigbehandla klagesaka om løyve til utslepp frå Kongshaugen reinseanlegg, Sula kommune
Miljødirektoratet opprettheld Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sitt vedtak med ein endring. Miljødirektoratet stiller krav om at kartlegginga av naturmangfald i området ved naudoverløpet, skal inkludere ei vurdering av korleis det påverkar naturmangfaldet.
Publisert 26.06.2025
Vedtak om utsleppsløyve til MOWI ASA på lokalitet Videild i Vanylven kommune
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har etter søknad vedteke å gi MOWI ASA avdeling Rovde utsleppsløyve til å utvide settefiskanlegget på lokaliteten Videild.
Publisert 19.06.2025
Mekvik Maskin AS får løyve til mottak og mellomlagring av brukt asfalt i Kristiansund kommune
Løyvet omfattar eit årleg mottak og mellomlagring av 5000 tonn brukt asfalt ved eigedomen gnr. 138 bnr. 55.
Publisert 18.06.2025
Vikenco AS får løyve til sprenging av flu ved Rindarøy i Aukra
Løyvet etter forureiningslova omfattar sprenging og mudring av om lag 2 000 m3 fjell/massar i Rindarøysundet og utfylling med massane ved Rindarøyvegen.
Publisert 12.06.2025
Kipervika i Ålesund - endra løyve til utfylling i sjø
Statsforvaltaren har etter klage frå Norges Fiskarlag og to hendingar med partikkelspreiing i sjøen gjort endringar på løyvet etter forureiningslova for Kipervika Eiendom AS til utfylling i sjø i Kipervika i Ålesund.
Publisert 06.06.2025
Løyve til utfylling i sjø ved Gjøsundet i Giske kommune
Giske kommune får løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 7 bnr. 175, 207 og 309 for å etablere kaiareal som skal nyttast til næringsføremål.
Publisert 02.06.2025
Vedtak om endring av løyve etter forureiningslova til biogassanlegg (Havila Biogass Nesset AS)
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endrar Havila Biogass Nesset AS sitt løyve etter forureiningslova til mottak av biologisk avfall for produksjon av biogass i Molde kommune.
Publisert 02.06.2025
Vedtak om endring av løyve etter forureiningslova til biogassanlegg (Martin Toreli)
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjort endringar i Martin Toreli sitt løyve etter forureiningslova til mottak av biologisk avfall for produksjon av biogass i Hustadvika kommune.
Publisert 23.05.2025
Myklebust Verft AS får løyve til utfylling i sjø
Verksemda får løyve etter forureiningslova til utfylling av eit område på 5 000 m3 i sjø ved verftet (gnr. 18 bnr. 37) i Sande kommune.
Publisert 20.05.2025
Bioplast AS - løyve til mottak og sortering av matavfall
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev verksemda løyve etter forureiningslova til årleg mottak og sortering av inntil 25 000 tonn matavfall ved Vest Bio-park i Volda kommune.