Løyve for Jacob Bjørge AS til utslepp ved utfylling i sjø ved Bjørge Industriveg 7 på Ellingsøy i Ålesund
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev løyve til utslepp ved utfylling av eit område i sjø på om lag 5 360 m2 for etablering av ny kaifront og tilrettelegging for nytt industriareal ved Bjørge Industriveg 7.
Publisert 03.06.2024
Det skal nyttast om lag 33 280 m3 reine massar til utfylling.
Vedtak og løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Merknadar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker etter kunngjering.