Løyve til utfylling ved Skarbøvikgata 25 i Ålesund - Senterdrift Eiendom AS

Statsforvaltaren gjev løyve til utfylling i sjø for betring av parkering og gangveg ved næringsbygg ved Skarbøvikgata 25 i Ålesund kommune.

Publisert 29.06.2023

Det skal nyttast om lag 6 000 m3 reine massar til utfylling av eit areal på om lag 1 420 m2.

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Ein eventuell merknad eller klage på vedtaket skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan tre veker etter kunngjeringa.

Kontaktpersonar