Sætre Matfisk AS får utsleppsløyve for landbasert akvakulturanlegg i Vestnes

Verksemda får løyve etter forureiningslova til produksjon med ei ramme på 3000 tonn matfisk av laks, aure og regnbogeaure i året på ny lokalitet Daugstad III.

Publisert 16.04.2024

Produksjonen skal aukast trinnvis i tre trinn, og det skal dokumenterast for kvart trinn at resipienten ikkje vert uakseptabelt påverka av utsleppet.

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Kommentarar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker.

Kontaktpersonar