Vedtak om endra løyve for Norsk Gjenvinning AS i Kristiansund kommune
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har 24.03.2023 endra løyvet til Norsk Gjenvinning AS sitt anlegg i Dalegata i Kristiansund kommune.
Publisert 24.03.2023
I endringa av løyvet har Norsk Gjenvinning fått løyve til å ta i mot 1500 tonn matavfall årleg.
Matavfallet skal sendast vidare til gjenvinning og skal ikkje oppbevarast lengre enn 1 uke på Norsk Gjenvinning AS sitt anlegg.
Vedtak med grunngjeving og løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Eventuelle merknadar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 25250, 6404 Molde eller sfmrpost@statsforvalteren.no innan 14.04.2023.