Vedtak om løyve til utslepp til MOWI Seawater Norway AS i Ørsta kommune
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har etter søknad gjeve MOWI Seawater Norway AS utsleppsløyve til å auke produksjon av laksefisk på lokalitet Sagelva i Ørsta kommune.
Publisert 12.12.2023
Løyvet gjeld for auka produksjon av laks, aure og regnbogeaure i frå 5 460 tonn til 6 240 tonn maksimal tillate ståande biomasse (MTB).
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker.