Vedtak om løyve til utslepp ved utfylling ved Småstranda i Vanylven kommune
Statsforvaltaren vedtek løyve etter forureiningslova til utslepp ved utfylling i sjø ved Småstranda i Vanylven kommune.
Publisert 15.09.2023
Løyvet gjeld utslepp ved utfylling i sjø for å leggje til rette for industri. Totalt skal det fyllast ut om lag 100 000 m3 massar over eit areal på om lag 28 500 m2.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Eventuelle kommentarar til vedtaket skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan 3 veker etter vedtaket.