Vedtak om utsleppsløyve - Lerstadtunellen i Ålesund kommune

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Statens vegvesen region midt mellombels utsleppsløyve for prosessvatn frå tunelldriving og permanent utsleppsløyve for spyle- og drensvatn frå drift av Lerstadtunellen.

Publisert 14.09.2023

Forureina vatn frå anleggsarbeida og drifta av tunellen skal reinsast før det blir sleppt ut til sjø.

Gjennom Bypakke Ålesund skal Statens vegvesen bygge ny firefelts innfartsveg til Ålesund på strekninga Breivika - Lerstad. Den nye vegen vil i hovudsak gå i tunell med to vegløp. Anleggsperioden for bygginga er forventa å vare i to år med oppstart vinteren 2024.

Vedtak og løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan tre veker. Ei eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde.

Kontaktpersonar