Du kan restaurere natur!

Det restaurerte vatnet Selviktjønna sett frå lufta.
Selviktjønna på Harøya i Ålesund etter restaurering. Foto: Øyvind Leren.

Veit du om øydelagt natur – på din eigedom eller andre stader? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Publisert 03.11.2025

I Noreg er mange våtmarker – både elvar, vatn og myr – påverka eller øydelagde av for eksempel grøfter, demningar eller drenering. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med å restaurere slike område, og få dei slik dei var før dei vart øydelagt.

Restaurering  blir brukt for å stanse og reversere øydelegginga av natur over heile verda. FN har erklært perioden 2021–2030 som tiåret for naturrestaurering.

Ei mark sett frå lufta. Tidlegare låg det eit tjern her.
Selviktjønna på Harøya i Ålesund før restaurering. Grøfter går gjennom det tidlegare tjernet og har ført til drenering av vatnet. Foto: Øyvind Leren.

To måtar du kan bidra

1. Tips oss om område som treng restaurering

  • Ta kontakt med Statsforvaltaren eller fylkeskommunen viss du kjenner til eit område som kan trenge restaurering.
  • Vi vurderer området og kan søkje om midlar til tiltak.
  • Restaureringa blir gjennomført av fagfolk, og du får informasjon undervegs.
  • Du treng ikkje ha erfaring eller betale noko sjølv. Einaste krav er at området ikkje  endrast etter restaureringa.

2. Søk sjølv om støtte til restaureringstiltak

  • Du kan søkje om tilskot direkte frå Miljødirektoratet.
  • Ordningane er opne for grunneigarar, organisasjonar og kommunar.
  • Søknadsskjema og vilkår finn du i Miljødirektoratet sitt søknadssenter.

Eksempel på ulike støtteordningar:

Tilskudd til naturrestaurering

Tilskudd til vannmiljøtiltak, restaureringstiltak Oslofjorden, kalking og anadrome laksefisk

Natursats – Tilskudd til arbeid med å ivareta naturmangfold

Tilskudd til tiltak for å ivareta natur

På nettsida Vannportalen.no finn du også informasjon om korleis du kan søke om støtte til fjerning av vandringshindre frå det europeiske Open Rivers Programme.

Ei smal elv med mykje gras langs elvekantane. Ei gravemaskin i bakgrunnen.
Eit sideløp i Stordalselva før utviding og restaurering. Foto: Marius Kambestad/NORCE.
Ei brei elv med steinar i og med elvekantar som er rydda for vegetasjon.
Same sideløp i Stordalselva etter utviding og restaurering. Foto: Marius Kambestad/NORCE.

Kvifor restaurere natur?

Å restaurere naturen har mange fordelar – både for miljøet og for oss menneske. Her er nokre av dei viktigaste:

Vi bevarer naturmangfaldet

Restaurering gir dyr og plantar tilbake leveområda sine og bevarer mangfaldet av naturtypar.

Vi får reinare vatn og betre vassmiljø

Våtmarker og elver filtrerer vatn og reduserer risiko for flaum ved å ta unna overvatn.

Vi reduserer klimagassutslepp

Intakte naturtypar som myr og skog lagrar store mengder karbon.

Vi tilpassar oss eit endra klima

Naturen fungerer som ein buffer mot ekstremvêr, flaum og tørke – og gjer oss meir robuste i møte med klimaendringar.

Vi styrker pollinering og matproduksjon

Restaurering gir betre levekår for bier og andre pollinerande insekt som er viktige for matproduksjonen.

Vi får betre helse og livskvalitet

Vi får tilbake fleire område for friluftsliv, rekreasjon og gode naturopplevingar.

Kontaktpersonar

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Pernille Stordal Rønning

Tlf: 71 25 84 83

Ola Betten

Tlf: 71 25 84 76

Møre og Romsdal fylkeskommune

Håkon Slutaas

Tlf. 71280352 / 97594361