Var gjengrodd: Naturen fekk nytt liv på Vigra

Både Giske kommune og Vigra skule fekk overrekt foto av Rørvikvatnet. Her viser fylkesordførar Anders Riise og ordførar i Giske kommune, Kenneth Langvatn, fram fotoet til elevar frå skolen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Susanne Kathrin Aare Dahl.

Tysdag 23. september samla Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune fagfolk, politikarar og skolelevar ved Rørvikvatnet på Vigra for å markere FN sitt tiår for naturrestaurering. Fellesskap, framtidshåp og handling blei løfta fram. 

Publisert 23.09.2025

Målet med markeringa er å vise korleis restaurering av natur kan stanse tap av artsmangfald og bidra til å løyse klima- og miljøutfordringar.  

Naturrestaurering som nøkkel til framtida 

Bodskapet frå arrangørane var tydeleg: Naturrestaurering er ikkje lenger eit valfritt tiltak, men eit nødvendig verkemiddel for å ta vare på livet på jorda.  

Rørvikvatnet naturreservat er eit konkret døme på korleis målretta innsats kan gi nytt liv til trua økosystem. I 2018 og 2019 gjennomførte Statsforvaltaren omfattande tiltak for å redde dette internasjonalt viktige våtmarksområdet, som var i ferd med å gro igjen og bli dominert av framande artar.  

Allereie året etter var trua fugleartar som hettemåke og vipe kome tilbake. Den sjeldne knekkanda har også funne vegen til det restaurerte området.

Elevane fekk lære meir på ulike naturstipostar. Her fortel Solveig Silset Berg frå fylkeskommunen om restaureringsarbeidet ved Rørvikvatnet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Susanne Kathrin Aare Dahl.

Statsforvaltaren manar til innsats 

Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk, hos Statsforvaltaren opna arrangementet med ei påminning om alvoret i situasjonen:   

– Over ein million artar står i fare for å døy ut, og mange økosystem held på å forsvinne. Det er ikkje lenger nok å berre ta vare på det vi har – vi må også restaurere.   

Han retta seg spesielt mot dei unge og understreka at alle har ei rolle å spele:   

– Naturen treng at folk engasjerer seg. Alle kan hjelpe til, og vi kan alle vere naturheltar.  

Pernille Stordal Rønning hos Statsforvaltaren fortalde elevane om ulike typar naturrestaurering. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Susanne Kathrin Aare Dahl.

Vatnet som livsnerve og identitet 

Fylkesordførar Anders Riise løfta fram kor viktig vassførekomstar er for Møre og Romsdal – både som naturressurs og som del av vår felles identitet:   

– Vi har vatn i alle formar: brusande elvar, stille innsjøar, djupe fjordar – og regn som kjem sidelengs. Vatnet er vår identitet, vår historie og vår framtid. Det gir oss mat, energi og arbeidsplassar. 

Ordførar i Giske kommune, Kenneth Langvatn, helsa frå lokalsamfunnet og understreka lokal stoltheit over Rørvikvatnet:  

– Kystlandskapet har verdifull og sårbar natur med planter og dyr som lever i samspel. Vi som vertskommune for Ramsar-området her ved Rørvikvatnet, tek ansvaret vårt for skånsam bruk av naturen og berekraftig arealbruk på alvor. Vi set pris på samarbeidet med fylkeskommunen og Statsforvaltaren i dette.  

Natursti og læring i felt 

Ein skoleklasse frå Vigra skule deltok på ein natursti med postar om fuglelivet, restaureringstiltak og verdien av våtmark. Elevane fekk lære korleis naturen kan bli frisk igjen – og korleis dei sjølve kan bidra. 

F.v.: William Lohela Elliot og Magne Gjendem Haugland frå Vigra skule syns begge det var kjekt å vere ved Rørvikvatnet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Susanne Kathrin Aare Dahl.

William Lohela Elliot og Magne Gjendem Haugland likte godt både Rørvikvatnet og naturstien:

– Det er gøy å lære nye ting og det er veldig fint her. Eg lærte mykje om fuglar, og eg såg to ørn, fortalde William.

Magne var einig.

– Eg syns også at det er veldig fint her, og eg har lært om fuglar eg aldri hadde høyrt om.

Fellesskap og framtidshåp 

Etter det faglege programmet vart det servert bollar, saft og kaffi, og praten gjekk livleg mellom små og store. Markeringa vart ei påminning om at naturrestaurering ikkje berre handlar om økologi, men også om fellesskap, ansvar og håp for framtida.