Presse

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal legg vekt på å vere open, tydeleg og tilgjengeleg i vår kommunikasjon med media. 

Publisert 20.10.2020, Sist endra 13.05.2025

Kommunikasjonsrådgivarane arbeider tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Journalistar får hjelp til å finne rett person å snakke med for bakgrunnsinformasjon, saksopplysningar og intervju. 

Ved større arrangement som for eksempel kongelege besøk og statsbesøk legg vi spesielt tilrette for pressa.

Embetet følgjer prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk.

Vi legg ofte ut nyheiter på nettsida vår, og sender også ut pressemeldingar.  

Abonner på nyheiter her!


Publisert 21.06.2019

Ålesund kommune er ute av Robek

Fylkesmannen har i dag sendt brev til kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Ålesund kommune skal meldast ut av Robek. Robek står for Register for betinga godkjenning og kontroll og er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.


Publisert 29.05.2019

Oversending av innbyggarinitiativ


Publisert 29.05.2019

Fylkesmannen si tilråding oversendt KMD


Publisert 24.04.2019

Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune


Publisert 14.12.2018

Pressemelding

Private barnehagar har brukt tilskot i strid med lova


Publisert 26.10.2018

Utnemd til første kvinnelege fylkesmann i Møre og Romsdal

Else-May Botten er i statsråd i dag 26. oktober 2018, utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal. Ho vil tiltre stillinga i 2021. Else-May Botten er 45 år gamal og har vore stortingsrepresentant sidan 2009.


Publisert 12.09.2018

Vinnar av Omsorgsprisen 2018

Omsorgsprisen 2018 vart i ettermiddag delt ut til prosjektet Palliativ Plan i Møre og Romsdal. Dette er eit prosjekt der alle kommunane i Møre og Romsdal deltek. Prisen blei delt ut av fylkesmann Lodve Solholm.


Publisert 26.04.2018

Fylkesmannen ber kommunane sette forsøpling på dagsorden

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender i dag ut eit brev til ordførarane og rådmennene i Møre og Romsdal, med ei oppmoding om  å setje forsøpling på dagsorden.


Publisert 22.03.2018

Pressekonferanse - tilråding i grensejusteringssakene i Møre og Romsdal

Fredag 23. mars, la fylkesmann Lodve Solholm fram si tilråding i dei fem grensejusteringssakene i Møre og Romsdal. Vi har lagt ut oversendingsbreva til KMD med tilråding og vedlegg for alle dei fem grensejusteringssakene, i denne artikkelen. 


Publisert 07.02.2018

Grensejusteringar i Møre og Romsdal

Svar på innbyggarundersøkingar og høyringsbrev ut til kommunane.