Planlegging og arealforvaltning

Oppdatert 20.12.2023

Det er i utgangspunktet kommunen sjølv som avgjer korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Statsforvaltaren er fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik, og skal syte for at nasjonale interesser blir sikra. I tillegg skal vi sjå til at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

Nasjonale retningslinjer må følgjast

Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Statsforvaltaren skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, kan Statsforvaltaren gripe inn.

Statsforvaltaren kan gripe inn ved å fremje motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren er klageinstans

Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Statsforvaltaren er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir


Publisert 04.07.2022

Nyheitsbrev om plan juni 2022

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for juni.


Publisert 18.03.2022

Nyheitsbrev plan - mars 2022

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for mars.


Publisert 14.12.2021

Nyheitsbrev plan desember 21

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for desember.


Publisert 01.10.2021

Nyheitsbrev om plan september 2021

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for september.


Publisert 17.09.2021

- Landjorda er brukt opp, no må vi snu oss mot havet

Det er ikkje meir landjord igjen til auka produksjon av matvarer. I tiåra framover må vi derfor hauste meir av det havet gir oss.


Publisert 18.06.2021

Nyheitsbrev om plan juni 2021

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for juni.


Publisert 10.02.2021

Nyheitsbrev om plan februar 2021

Statsforvaltaren og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for februar.


Publisert 21.12.2020

Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2020

Kommunal- og moderniseringsdepartementet arrangerte nasjonal plannettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2. og 3. desember. På KMD sine heimesider kan du sjå opptaka og presentasjonane frå samlinga.


Publisert 05.11.2020

Nyheitsbrev om plan november 2020

Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for november.


Publisert 24.06.2020

Nyheitsbrev om plan for Fylkesmannen og fylkeskommunen - juni 2020

Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for juni.


Kontakt rett saksbehandlar

Smøla, Aure, Kristiansund, Averøy, Molde og Fjord
Bjarne Otnes tlf. 71 25 85 75

Tingvoll, Gjemnes og Sunndal
Anne Melbø tlf. 71 25 85 15

Hustadvika, Aukra, Vestnes, Rauma, Stranda og Sykkylven
Jorunn Mittet Eriksen tlf. 71 25 84 10

Surnadal, Ålesund, Haram og Giske
Yngvild Meinseth tlf. 71 25 85 18

Sula, Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid
Kari Bjørnøy tlf. 71 25 84 05