Fri rettshjelp

Oppdatert 24.10.2025

Fri rettshjelp er støtte til nødvendig juridisk bistand til personar som ikkje har økonomi til å dekkje den fulle kostnaden av slike utgifter sjølve. Ordninga gjeld berre saker av spesielt stor personleg og velferdsmessig betydning.

Kan du få dekt behovet for rettshjelp på andre måtar?
Økonomiske vilkår
Eigenandel
Informasjon om kva saker som kan gi rett til fri rettshjelp
Slik søkjer du om fri rettshjelp
Informasjon til deg som er advokat 

Kan du få dekt behovet for rettshjelp på andre måtar?

Viss du kan få dekt behovet ditt for juridisk bistand på andre måtar eller gjennom andre ordningar, vil du som hovudregel ikkje få fri rettshjelp. Dette gjeld til dømes viss du har ei forsikring som dekkjer utgifter til juridisk bistand, eller viss du er medlem i ein organisasjon som dekkjer slike utgifter. Det same gjeld dersom det offentlege kan gi deg opplysningar og rettleiing om saka som du søkjer fri rettshjelp til. I slike tilfelle må du nytte deg av desse alternative ordningane.

Økonomiske vilkår

Frå og med 15. oktober 2025 er det store endringar i rettshjelpsordninga. Endringane skjer i samband med at ny lov om rettshjelp trer i kraft, og gjeld for advokatoppdrag som startar etter denne datoen.

I staden for separate krav til inntekt og formue tek den nye modellen utgangspunkt i den samla betalingsevna di. Dersom du har utgifter til barn, tek modellen også omsyn til det.  Endringa fører til at langt fleire vil kunne få offentleg støtte til rettshjelp.

Du kan bruke rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp. Her kan du også sjå ei førebels utrekning av kva eigenandelen blir. 

Eigenandel

Dersom du får fri rettshjelp, må du betale ein eigenandel av utgiftene. Eigenandelen blir fastsett med utgangspunkt i betalingsevna di. Eigenandelen du skal betale er mellom 1 og 99 prosent av kostnaden til rettshjelpa alt etter kor god økonomi du har. Eigenandelen blir brukt å betale for arbeidet til advokaten og eventuelle utgifter som advokaten har hatt. 

Dersom du får fri rettshjelp i ei sak utan økonomisk behovsprøving, skal du likevel ikkje betale eigenandel. Du skal heller ikkje betale eigenandel dersom betalingsevna di er lågare enn grunnbeløpet i folketrygda (nav.no). Det er Statens innkrevingssentral som krev inn eigenandelen. 

Døme på saker som kan gi rett til fri rettshjelp

Du kan få fri rettshjelp anten som fritt rettsråd (juridisk bistand utanom domstolsbehandling) eller som fri sakførsel (juridisk bistand i saker for domstolane, frå og med stemning). Dersom du får fri rettshjelp, kan du i nokre tilfelle òg få dekt eigne utgifter, som til dømes utgifter til tolk eller ei medisinsk utgreiing.

Sivilrettsforvaltninga har meir informasjon om kva sakstypar som kan gje rett til fri rettshjelp.

Slik søkjer du om fri rettshjelp

Du kan søkje Statsforvaltaren om rettshjelp. Det er statsforvaltaren i fylket der du bur eller oppheld deg over noko tid som behandlar søknaden. I mange prioriterte sakstypar kan advokaten eller rettshjelparen sende inn eigen-innvilga rettsråd dersom dei økonomiske vilkåra er oppfylte. Då treng du ikkje sjølv sende søknad til Statsforvaltaren. 

I det digitale søknadsskjemaet blir du rettleia gjennom alle relevante spørsmål. Du kan bli beden om å laste opp nødvendig dokumentasjon. I saker med økonomiske vilkår hentar løysinga automatisk inn opplysningar om økonomien din så sant det finst tilgjengelege skattedata. Løysinga tek også omsyn til økonomien til ein eventuell ektefelle eller sambuar, men desse opplysningane vil ikkje vere synlege for deg. Dersom du kjenner til at det er endringar i økonomien din eller ektefellens/sambuars økonomi, må du korrigere og dokumentere endringane. 

Før du sender inn søknaden vil du få eit førebels svar på om dei økonomiske vilkåra tilseier at du får fri rettshjelp. Du får også ei mellombels utrekning av eigenandelsprosenten, altså kor stor prosent av utgiftene du sjølv må rekne med å betale.

Du må logge inn via ID-porten for å kunne bruke skjemaet. 

Søk om fri rettshjelp

Har du allereie ein advokat som har hjelpt deg?

Dersom du allereie har ein advokat som har hjelpt deg og saka starta før 15. oktober 2025, skal søknaden om rettshjelp behandlast etter det gamle regelverket. Viss dette er situasjonen din, ber vi deg søkje om fri rettshjelp via søknadsskjemaet som er tilpassa det gamle regelverket

Bur du i utlandet?

Dersom du bur i utlandet og har ei sak i Noreg, er det Statsforvaltaren i fylket som anten du eller saka har nærast tilknyting til, som behandlar søknaden. Dersom verken du eller saka har tilknyting til eit bestemt fylke, blir søknaden behandla av Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Søknad om fri rettshjelp til ei sak i utlandet blir behandla av Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. 

Viss du ikkje har e-ID og kan logge inn via ID-porten, må du fylle ut papirskjemaet og sende det til oss. 

Informasjon til deg som er advokat 

Dersom advokatoppdraget starta før 15. oktober 2025, skal du framleis bruke rettsrad.no. For saker som starta før denne datoen, gjeld dei økonomiske vilkåra og ordninga for eigenandel slik reglane var fram til 15. oktober. 

Du finn meir informasjon i Rundskriv om fri rettshjelp (sivilrett.no)

Om rettshjelpskalkulatoren

Kalkulatoren gjer ei førebels berekning av betalingsevne og eigenandel. Kalkulatoren finn du når du har logga inn i rettshjelpsportalen. Her kan du søkje på personnummer og få opp dei økonomiske opplysningane automatisk, så sant søkjaren har skattedata. Du må korrigere eventuelle endringar i økonomien for å få riktig resultat.

Kalkulatoren kan òg brukast utan innlogging, men då må du sjølv fylle inn dei økonomiske opplysningane. Bruk kalkulatoren utan innlogging

Vis meir


Publisert 01.06.2017

Sakshandsamingstid søknad om fri rettshjelp

Fylkesmannen har for tida 5 månaders sakshandsamingstid på søknader om fri rettshjelp. Dette på grunn av ei stor mengd med saker, og ressurssituasjonen.


Publisert 13.03.2017

Fri rettshjelp – raskare saksbehandling – elektronisk salæroppgåve

Til advokatar og rettshjelparar har Fylkesmannen i Sogn- og Fjordane laga eit informasjonsskriv om elektronisk skjemaløysing.


Publisert 03.03.2017

Nytt rundskriv om fri rettshjelp

Staten sivilrettsforvaltning sitt rundskriv 1/2017 om fri rettshjelp framstiller hovudreglane i rettshjelplova. Det omtaler også gjeldande praksis på sentrale område.


Publisert 04.01.2017

Ny salærsats for advokatar mv. i straffesaker og i rettshjelpssaker og nye stykkprissatsar for medisinsk sakkunnige

Frå Statens sivilrettsforvaltning har Fylkesmannen i Rogaland fått melding om at det er tre endringar på salærfeltet som tre i kraft 1. januar 2017.

 


Publisert 08.12.2016

Informasjon om tolkeløysinga for advokat

No kan tolkar sende inn krav som er knytt til fritt rettsråd elektronisk


Publisert 14.07.2016

Fri rettshjelp: Fylkesmannen skeptisk til lovendringar

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring fleire forslag til endring av lovverket som regulerer høvet til fri rettshjelp. Fylkesmannen i Rogaland har innvendingar mot fleire av forslaga.


Publisert 06.05.2016

Bruk av tolk og betaling av tolkeoppdrag

På bakgrunn av spørsmål frå enkelte fylkesmannsembete og advokatar kan det synast som om det er ei viss uvisse knytt til bruk av tolk og betaling av tolkeoppdrag i rettshjelpssaker. Vi finn derfor grunn til å gi ei nærmare forklaring for dei reglane som gjeld på dette området, medrekna reglane om attestasjon, reisefråvær og innlevering av tolken si arbeidsoppgåve

Sjå vedlegg til høgre for meir informasjon:


Publisert 11.02.2016

Ny salærsats for advokatar

Ny salærsats for advokatar mv. i straffesaker og i rettshjelpssaker og nye stykkprissatsar for medisinsk sakkunnige


Publisert 25.01.2016

Nye retningslinjer for dekning av advokatane si reise i saker som gjeld einsleg mindreårige asylsøkjarar

Fylkesmannen har fått brev frå Statens sivilrettsforvaltning der det blir informert om at praksis for dekning av reisefråvær og reiseutgifter til advokat i saker som gjeld einslege mindreårige asylsøkjarar er endra:


Publisert 15.12.2015

Asylsaker – endring av regelverket for fritt rettsråd

Regjeringa gjorde med verknad frå 8. desember 2015 endringar i utlendingsforskrifta om retten til bistand frå advokat. Sjå informasjon frå Statens sivilrettsforvaltning med lenke til Justis- og beredskapsdepartementet og til sjølve forskrifta. Det er viktig å leggje merke til at endringa ikkje gjeld for einslege mindreårige asylsøkarar.