Kongelege besøk
Kongefamilien gjer ei rekkje offisielle reiser og besøk både i Noreg og i utlandet. Statsforvaltaren har i oppgåve å førebu, gjennomføre og evaluera kongelege besøk i samråd med Det kongelege hoffet. Ansvaret vårt gjeld kongelege reiser og besøk av offisiell karakter her i landet.
Presseprogram og akkreditering
Ein viktig del av oppgåva vår er å leggja til rette for at media skal få gode arbeidsvilkår når kongefamilien kjem på besøk eller deltek på arrangement. I samråd med hoffet lagar me eit medieopplegg for journalistar og fotografar. Journalistar og redaksjonar som ønskjer å dekkja det kongelege besøket, må akkrediterast. Akkreditering skjer som regel via eit digitalt skjema (eller e-post) på Statsforvaltarens nettsider. Akkrediterte journalistar og fotografar får tilgang til eigne presseområde.
Nokre gonger er det av plassomsyn nødvendig å bruka pressepool eller fotopool. Det vil seia at nokre få av dei akkrediterte får vera til stades, mot at dei deler materialet sitt med andre akkrediterte journalistar og redaksjonar. Når me bruker pool, følgjer me Norsk Presseforbunds poolreglement.
Invitasjonar
Arrangørar som ønskjer å invitera medlemmer av kongefamilien, blir bedne om å senda invitasjonen til Statsforvaltaren i det aktuelle fylket. Dette gjeld arrangement utanfor Oslo. Statsforvaltaren formidlar invitasjonen vidare til hoffet, som saksbehandlar invitasjonen.
Kronprinsen besøker innovasjonsmiljøet i Stavanger
PRESSEINFORMASJON: Onsdag 16. november besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger. Han skal møta innovasjonsmiljøet i regionen.