Psykisk helse og rus

Oppdatert 17.09.2024

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir


Publisert 21.01.2016

Psykologer i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Helsedirektoratet har kunngjort tilskottsordninga «Psykologer i de kommunale helse- og omsorgstjenestene».

 


Publisert 30.11.2015

Tilskot rus og psykisk helsearbeid

Helsedirektoratet kunngjør nå tilskotsordninga «Kommunalt rusarbeid» og «Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester og barn og unge med samansette hjelpebehov» over statsbudsjettet for 2016. Fylkesmannen forvaltar begge tilskota.


Publisert 17.11.2015

Ny opptrappingsplan for rusfeltet

Regjeringa har lagt fram forslag til ny opptrappingsplan for rusfeltet. Planen skal sikre auka kapasitet og betre kvalitet i tilbodet til rusavhengige, og har ein ramme på 2,4 milliardar kroner i perioden 2016 - 2020


Publisert 15.09.2015

Ny søknadsfrist for tilskottsordninga “Kompetansetiltak innan psykisk helse- og rusarbeid” kapittel 765 post 61

Fylkesmannen i Rogaland har restmidlar på kr 118 904,- til fordeling. Søknadsfrist er 15. oktober 2015.


Publisert 04.06.2015

Ny rettleiar for behandling av klager på tvangsbehandling i psykiatrien

Helsedirektoratet har gitt ut ein rettleiar for Fylkesmannen si klagebehandling av klager på vedtak om behandling utan eige samtykke (psykisk helsevernlova § 4-4).


Publisert 04.06.2015

Utvida frist for å søke om restmidlar på ordninga for tilskot til kommunalt rusarbeid

Fleire av tiltaka som fekk tilskot til kommunalt rusarbeid i 2014 starta seint opp og overførde delar av tilskotet. Fylkesmannen har derfor restmidlar til foredling. Søknadsfrist er 1. august.


Publisert 18.05.2015

Rusfeltet er framleis eit sentralt satsingsområde

Regjeringa varslar styrking av innsatsen på rusfeltet gjennom ein ny opptrappingsplan.


Publisert 04.07.2014

Tilskot på tilsaman kr 29 710 564 er fordelt

Tilskota har til formål å styrkja kommunane i Rogaland sitt tilbod til menneske med rusproblematikk.


Publisert 04.07.2014

Tilskot til vidare-/etterutdanning i rusproblematikk


Publisert 04.07.2014

Tilskot til utvikling og utprøving av samhandlingsmodellar på rusfeltet