Legar i spesialisering (LIS) og turnusteneste for fysioterapeutar

Oppdatert 17.09.2024

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. Spesialistutdanning og godkjenning for legar følgjer ordninga som vart sett i verk i 2019. Ofte brukar vi uttrykka LIS1, LIS2 og LIS3 om legar som er tilsett i utdanningsstillingar. 

Legar i spesialisering

Spesialistutdanninga og godkjenninga for legar er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 omfattar tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

Statsforvaltaren har ansvar for å opprette, godkjenne og kvalitetssikre eit tilstrekkeleg tal LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta. Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Statsforvaltaren i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har hovudansvar for å skaffe nok turnusplassar i sin region (turnusregion Nord, Midt-Vest og Sør-Øst). 

Kurs hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren tilbyr kurs og grupperettleiing for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for LIS1
  • Grupperettleiing for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Vis meir


Publisert 10.06.2020

Kurs og veiledning for LIS 1 leger høsten 2020

Startar du som LIS1 lege i kommunehelsetjenesten 1. september 2020? Her kan du melde deg på kurs for LIS1 leger i Rogaland.


Publisert 12.12.2019

Kurs og veiledning for LIS 1 leger våren 2020

Startar du som LIS1 lege i kommunehelsetjenesten 1. mars 2020? Her kan du melde deg på kurs for LIS1 leger i Rogaland.


Publisert 08.03.2019

Kurs og veiledning for LIS 1 leger høst 2019

Startar du som LIS1 lege i kommunehelsetjenesten 1. september 2019? Her kan du melde deg på kurs for LIS1 leger i Rogaland.


Publisert 25.02.2019

Kurs og veiledning for LIS1 leger vår 2019

Startar du som LIS1 lege i kommunehelsetjenesten 1. mars 2019? Her kan du melde deg på kurs for LIS1 leger i Rogaland.


Publisert 11.08.2016

Dokumenter til turnuskurs

Dokumenter fra turnuskursene og veiledningsamlinger