Kommunal fornying

Oppdatert 08.04.2024

Noreg har ein offentleg sektor som sikrar velferd, omsorg, helse og utdanning, og som skal gi alle innbyggjarane gode tenester, valfridom og medbestemming. Fornying av offentleg sektor skal ha som mål å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring.

Statsforvaltaren skal stimulere til lokal omstilling og fornying i kommunesektoren. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til rettleiing, samordning og tildeling av skjønnsmidlar.

Prosjektskjønn er ein integrert søknads- og rapporteringsportal som blir brukt av kommunar, tilsette hos Statsforvaltaren og Kommunal- og distriktsdepartementet. Løysinga forenklar handtering av søknader og rapportering på bruk av skjønnsmidlar til fornying og innovasjon i offentleg sektor. 

Publikum og media har tilgang til ein nettstad som gir innsyn i tildelte midlar, omtale av prosjekt og innsende rapportar

 

Vis meir


Publisert 27.02.2014

Satsing på innovasjon i kommunane

Det skal tildelast inntil 6,35 mill kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 2014. Dette er ein god del meir enn tidlegare år og er eit ledd i den nye innovasjonsstrategien for kommunesektoren. Søknadsfristen er 6. mai.


Publisert 26.09.2013

NÆRVÆR-prosjekt i Randaberg

Randaberg fekk i 2012 midlar til eit "NÆRVÆR-prosjekt". Målet var å redusera sjukefråvèr gjennom førebyggjande arbeid og oppfølging.


Publisert 26.09.2013

Heimerehabilitering i Sola

Sola kommune fekk midlar i 2012 til "team hverdagsrehabilitering". Kommunen oppsummerer her erfaringane så langt.


Publisert 01.07.2011

Tildeling av prosjektskjøn og restskjøn for 2011

Fylkesmannen har fordelt siste del av skjønsmidla for 2011 – kr 3 678 000 - til kommunane Sandnes, Stavanger, Haugesund, Klepp, Sola, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Tysvær. Det aller meste går til konkrete fornyingsprosjekt kommunane har søkt om. Fleire av prosjekta er samarbeidstiltak slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.


Publisert 12.07.2010

Tildeling av midlar til kommunale omstillings- og fornyingsprosjekt 2010

Fylkesmannen har fordelt siste del av skjønsmidla for 2010 – kr 3 458 000 - til kommunane Eigersund, Sandnes, Stavanger, Haugesund, Time, Gjesdal, Suldal og Sauda. Midla går til konkrete fornyingsprosjekt kommunane har søkt om. Fleire av prosjekta er samarbeidstiltak slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.


Publisert 09.07.2009

Tildeling av prosjektskjøn og restskjøn 2009

Fylkesmannen har fordelt siste del av skjønsmidla for 2009 - kr 2 058 000 til kommunane Sandnes, Haugesund, Time, Gjesdal, Randaberg, Strand, Rennesøy og Vindafjord. Det aller meste går til konkrete fornyingsprosjekt. Fleire av prosjekta er samarbeidstiltak slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.


Publisert 15.07.2008

Tildeling av prosjektskjøn og restskjøn 2008

Fylkesmannen har tildelt siste del av skjønsmidlane for 2008 – kr 2 683 000 - til kommunane Sandnes, Stavanger, Haugesund, Sokndal, Suldal, Finnøy og Karmøy. Storparten går til konkrete fornyingsprosjekt med deltaking av andre kommunar slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.


Publisert 28.11.2007

Stønad til kommunale omstillingsprosjekt

Det er gitt 1,5 millionar etter søknad frå kommunane i Rogaland. Under ligg liste over tildelte prosjekt.