Kommuneøkonomi

Oppdatert 18.11.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 16.02.2015

Skjønstilskot for 2015 - 2. tildeling

Fylkesmannen har fordelt 9,2 mill. kr av skjønsmidla for 2015 til 12 kommunar. Av dette går 7,1 mill. kr til 7 kommunar for språkdeling. Resten går til innovasjonsprosjekt og uføresette utgifter.


Publisert 17.12.2014

Endringar i kommuneopplegget for 2015- saldert statsbudsjett

Stortinget vedtok 9. desember statsbudsjettet for 2015. Det endelege budsjettet inneber ein del endringar i kommuneopplegget i høve til forslaget til statsbudsjett i oktober.


Publisert 21.11.2014

Ny kommunaløkonomisk statistikk

Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat)  relativt  er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har nærma seg landet.


Publisert 28.10.2014

Orientering om skjønstildelinga for 2015

I rammetilskotet til kommunane (kap 571, jf Grønt hefte tabell 1-k) , er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2015.


Publisert 08.10.2014

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2015

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram onsdag 8.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 5,5 %, mot 4,8 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2014. Auka veksttilskot vil gi eit godt påslag for fleire kommunar i fylket.


Publisert 04.07.2014

Midlar til innovasjon i kommunane

Det er i år tildelt i alt 5,53 mill kr av skjønsmidla til kommunale innovasjons- og utviklingsprosjekt. Dette er ein god del meir enn tidlegare år og er eit ledd i den nye innovasjonsstrategien for kommunesektoren.


Publisert 15.05.2014

Nytt frå Kommuneproposisjonen for 2015

Kommuneproposisjonen og forslag til revidert statsbudsjett 2014 blei lagt fram 14. mai. Dei viktigaste sakene er endringar i inntektssystemet og opplegget for arbeidet med kommunestruktur.


Publisert 20.03.2014

Svakare økonomisk resultat i kommunane i 2013

Driftsresultata i kommunane i fylket var noko svakare enn året før, men litt betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2013.


Publisert 19.03.2014

Kan kommunane ta fakturagebyr?

Dette varierer for dei ulike tenesteområda, og vi har gått nærare inn på spørsmålet på bakgrunn av ønskje frå ein kommune.


Publisert 28.02.2014

Satsing på innovasjon i kommunane - skjønsmidlar

Det skal tildelast inntil 6,35 mill kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 2014. Dette er ein god del meir enn tidlegare år og er eit ledd i den nye innovasjonsstrategien for kommunesektoren. Søknadsfristen er 6. mai.