Jordvern

Oppdatert 18.11.2024

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir


Publisert 25.09.2015

Endring i rundskriv om omdisponering og deling etter jordlova

Rundskriv M/1-2013 kap. 6.2 er endra slik at definisjonen av omgrepa dyrka og dyrkbar jord i jordlova § 9, er oppdatert i tråd med AR5. AR5 er det nasjonale kartdatasettet som beskriv arealressursane. Rundskrivet viste tidligare til definisjonane i Økonomisk kartverk, som ikkje lenger blir oppdatert.


Publisert 18.09.2015

12.000 dekar matjord bygd ned i Rogaland dei siste 10 åra

Jordvern må sterkare på dagsorden i planarbeidet. Kommunane si rapportering viser høge tal for omdisponering av dyrka jord i Rogaland.


Publisert 15.06.2015

Kommuneplanen i Stavanger: Fylkesmannen med framlegg til løysing

For å få til ei lokal løysing, har Fylkesmannen føreteke ei ny og samla vurdering av motsegner som ikkje er løyste.


Publisert 19.05.2015

Mykje matjord av nasjonal verdi i Klepp

Over halvparten av den dyrka jorda i Klepp kommune har svært god jordkvalitet.  Saman med godt klima, lang vekstsesong, driftige bønder og store samanhengande areal  gjer dette Klepp til ein viktig kommune for matproduksjonen i landet.


Publisert 12.05.2015

Matfylket Rogaland byggjer ned mest matjord

Rogaland omdisponerte 2049 dekar dyrka og dyrkbar jord i 2014. Omfanget er rekordhøgt og framleis høgast av alle fylke.


Publisert 22.04.2015

Driveplikta og bruk av leigejord styrkar jordvernet

Driveplikta og bruk av leigejord bidrar til å styrke jordvernet i Noreg. Dette går fram av ein rapport som nyleg er lagt fram av ei arbeidsgruppe leia av Landbruksdirektoratet.


Publisert 06.01.2015

2015 - FN-året for vern av matjord

FN sin organisasjon for landbruk og mat (FAO) markerer i 2015 det internasjonale året for vern av matjord. Året skal rette merksemd på kor viktig ei bærekraftig forvaltning av matjorda er og sikre denne verdfulle naturressursen.


Publisert 02.12.2014

Semje om utviding av Q-Meieriene

Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegner til utvidinga av Q-meieria sitt anlegg i Klepp kommune. I meklinga 01.12.2014 blei partane samde om ei løysing.


Publisert 19.08.2014

Arealbarometer for Rogaland

Norsk institutt for skog og landskap har utvikla eit eige arealbarometer for Rogaland fylke.


Publisert 07.08.2014

Utviding av Q-meieriet i Klepp utfordrar langsiktig grense landbruk

Q-meieriene sitt anlegg i Klepp treng meir areal til auka produksjon. Forslag til reguleringsplan ved Øksnevadkrossen utfordrar langsiktig grense landbruk og vil omdisponera areal i kjerneområde landbruk. Fylkesmannen har motsegn til planen, men inviterer Klepp kommune til dialog med sikte på løysing av saka.